ANNONSE, LEDIG STILLING:
Fagarbeidar Vatn og avløp
Teknisk drift skal tilsette ein dyktig og engasjert fagarbeidar i fast 100% stilling innan vatn- og avløpssektoren.Til stillinga ligg varierte og samfunnsviktige arbeidsoppgåver knytt til drift, vedlikehald og utvikling av VA-infrastruktur i kommunen.
Ansvarsområde:
- Drift og vedlikehald av vatn- og avløpsnettet, inkludert pumpestasjonar og renseanlegg
- Feilsøking og utbedring ved driftsavvik
- Delta i kommunal vaktordning V/A og veg
- Dokumentasjon og rapportering etter gjeldande regelverk og rutiner for denne type arbeid
- Samarbeid med andre fagmiljø og eksterne aktørar
Kvalifikasjonar:
- Det er ønskeleg med relevant fagbrev, men særleg relevant arbeidserfaring kan vere med og kompensere om ein ikkje har formalkompetanse
- Du må ha førarkort kl.B og det er ein fordel å ha BE
- Gode digitale ferdigheiter slik at du kan bruke relevante fagsystem
- Gode norskkunnskapar muntleg og skriftleg. Dette er viktig for god dialog med publikum og samarbeidspartar og for å kunne følgje opp krava til dokumentasjon på ein god måte.
- Det er eit fortrinn å ha erfaring frå arbeid med ulike vatn- og avløpssyste
Personlege eigenskapar og fortrinn vi sett pris på hos deg:
- Du er strukturert og ansvarsbevisst
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kan arbeide sjølvstendig, men også godt saman med andre
- Du er serviceinnstilt, stolt av faget ditt og det arbeidet du og kollegaene dine utfører
- Du viser interesse for fagleg utvikling og ny teknologi på området
Hos oss får du:
- Ein utfordrande og variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kompetanseutvikling
- Lønn etter tariff i kommunal sektor
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Flyttegodtgjersle etter regalane i personalplanen
Søknadsfrist: 10.04.2026