ANNONSE, LEDIG STILLING:

Barne- og ungdomsarbeidar fast 100% stilling
Vil du vere med å skape ein trygg, leiken og utviklande kvardag for dei minste i kommunen vår?
Midtigrenda barnehage søkjer engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar. Midtigrenda ligg vakkert til i eit boligfelt og har eit sterkt fagmiljø med fokus på leik, læring og trivsel.
Vi arbeider aktivt med å fremme eit inkluderande og trygt miljø for alle barn, og legg stor vekt på samarbeid med følresette og kollegaer.
Arbeidsoppgåver:
- Delta aktivt i leik og pedagogiske aktivitetar
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og kollegaer
- vere med på planlegging, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbediet
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg
Vi ønskjer at du:
- Har erfaring frå arbeid i barnehage
- Er ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
- Er varm, tilstedeverande og har eit ekte engasjement for barn
- Er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig
- Bidreg til eit positivet og inkluderande arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Ein meiningsfull jobb i eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Lønn og tilsettingsvilkår etter gjeldande kommunal tariffavtale og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter kommunen si personalplan
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Søknadsfrist: 6. juli 2025