Songen tona i Todalen

Todalen har frå gamle dagar ord på seg som ei god songbygd – og er det framleis. Det tona friskt frå både forsamling og kor på haustsongkvelden i ungdomshuset onsdag.

Den nydanna gruppa «Prosjekt 17» er vidareføring av Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor – som i praksis har samarbeidd mykje i mange år. Leia og akkompagnert av Bernt Bøe framførte dei denne kvelden slagerar frå Ønskeonsertens tid, viser av Petter Dass og Carl Michael Bellman og utdrag frå sine lokale musikalar «Med segl og Wichmann» (1995) og «Seterkabaret» (1999).

Koret førte også an i allsongen – der forsamlinga stemte fulltonande i på det meste og sette stemninga i taket. Tekstarket inneheldt tråvarar ved sida av nyare stoff - som både fortener og kanskje treng ein innføringsfase for å bli del av våre store allsongtradisjon. Å bevare og utvikle denne tradisjonen er blant måla for «P17».

Dei historiske linjene i tonearven var tema for både prologen «Det bli sang» av Rolf Tofte, som Bernt Bøe las, og for eksempla han gav på tonar og tekster som opp gjennom hundreåra har vandra til stadig nye bruksområde:

Eit gregoriansk Kyrie frå 900-talet vart folketonen «Håvard Hedde», kjærleiksvisa «Mitt sinn er meg forvirret utav en jomfru skjønn» gav melodi til «Velt alle dine veier», og av Franz Schubert har ein rappa «Å, om jeg kunne synge som trost og nattergal» (frå Die Winterreise) og «Jeg gikk en stille gate» (Die Forelle). Likskapen mellom Londonderry Air og «You raise me up» vart også tydeleg demonstrert, utan at ein skulda komponist Rolf Løvland for direkte plagiat ...

Kveldens programleiar Borghild Betten Talgø annonserte frå podiet at det er plass til fleire songarar i rekkene. Dette koret jobbar med breiare repertoar enn mange andre – frå slagerstoff til klassisk. Både kabaretsongar og «Hallelujakoret» er aktuelle oppgåver i tida som kjem. Den som vil satse og bli del av dette kreative songmiljøet, er velkomen til å ta kontakt, sa ho.

 

2017 09 13 Haustsong a P17.jpg
«Prosjekt 17» klare til innsats. Frå venstre Nora Vetleseter Bøe, Borghild Betten Talgø (bak), Ann Magret Botten, May Elisabeth Holten, Per Arne Hyldbakk, Kari Sæther, Gunnvald Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe, John Moe, Liv Marit Polden, Einar Husby, Inger Garthe, Øystein Moe, Randi Vetleseter Bøe og (ved pianoet) Bernt Bøe. (Foto: Privat)

2017 09 13 Haustsong c Seterkabaret.jpg
«Seterkabaret frå Todalen» byggjer på lokalt kulturstoff. Her ein del av koret - frå venstre Kari Sæther, Per Arne Hyldbakk, Kirsten Baadnæs Bøe, Gunnvald Bøe, Liv Marit Polden,  John Moe, Inger Garthe, Einar Husby, Randi V. Bøe og (delvis skjult) Øystein Moe. (Foto: Privat)

2017 09 13 Haustsong b Tor og Per.jpg
Tor Holten og Per Reiten stemte i allsongen og var fulle av lovord for opplegget. (Foto: Privat)

 

 

Innsendt av BGB.