IMG_3151

Saga med STIHL

Det var høg sagflisfaktor og gromme brøl under landsfinalen i STIHL-cup fredag føremiddag.

Alle deltakarane som svingte saga var kvalifisert frå sitt eige bygdeungdomslag. Blant finalistane var VM-håp og tidlegare norges- og europamester i motorsag, Ole Jørgen Sigvartsen. Han tevla passande nok med norsk flagg på visiret. 

IMG_3165.JPG

Tryggleik står fremst i ei slik tevling, og deltakarane får trekk for manglande visir og hørselvern, og å gå med saga med kjeda i bevegelse. 

Kvart heat innebar tre øvelser, under- og overkapp, sverdsnuing og presisjonskapping mot plate. I presisjonskappinga var det om å gjere å kappe ein stokk utan å ta inni plata under som var gjømt under 30 mm rå sagflis. Stokken var støtta i sida slik at ein ikkje kunne sjå om skiva som blei saga ut, røyrde på seg. Øvelsane gjekk dessutan på tid, slik at ein måtte både vere presis, og snøgg. 

Tevlarane framviste imponerande teknikk og handlag til inspirasjon for dei av oss som aldri har teke i ei motorsag!

Vinnarane kårast under premieutdelinga fredag kveld.
 

IMG_3146.JPG
Ei speakerbu i ekte BU-ånd!
 

IMG_3153.JPG
Sverdsnuing.
 

IMG_3155.JPG
Presisjon på høgt nivå!

IMG_3162.JPG

IMG_3169.JPG

IMG_3172.JPG
Dommarane sjekkar djupna på sagflisa. 

SaveSaveSaveSaveSaveSave

SaveSaveSaveSave