Jaktfeltstevne ved Stampmyra

Hjort i sikte

Målet i sikte

Både vind og sikt varierte i løpet av dagen under jaktfeltstevnet ved Stampmyra skytebane i Romundstadbygda. Ein kunne gjerne ha god sikt under anvisninga for så å få vind og tett snødrev under skytinga.

Publisert Sist oppdatert

Terje Krokum frå Nidaros jaktskytterklubb vart dagens stevnevinnar med 150/150, eit resultat han delte med veteranen Haldor Sesseng frå same klubb.

Koronareglane gjorde at laga var ved skytebanen berre den tida dei skulle skyte. Dermed er det bilde berre frå utvalde lag.

Jon Ola Romundstad frå arrangøren var kjempefornøgd med deltakinga i stemnet. Det var over 70 deltakarar frå Leksvik til Sunndal, og frå Halsa til Ålen i tillegg til frå Rindal.

Deltakarane fekk godkjent 30 treningsskott til storviltprøven på ein dag ved å delta i dette stevnet. Det gjorde at det var nokså attraktivt for mange å delta.

God planlegging og ein arrangementskomité på 20 mann sørga for at arrangementet gjekk fint unna med god flyt mellom postane.

Vi følger Lag 5

Lag på 6 deltakarar gjekk innom 3 standplassar der det var 2 mål. Der skaut dei 5 skott på kvart mål, altså 30 skott tilsaman.

Jerv og bever var måla på denne posten
God stemning på standplass
Anvisning
Nr. 2 frå venstre er Terje Krokum frå Nidaros jegerskytterklubb som ble dagens stevnevinner med 150/150!

Måla dei skaut mot på jaktfeltstemnet var dyre- og fuglefigurar.

Bildeserie
Klikk på pilane og bla i bildeserien!



Last ned liste over deltakarar her.

Sjå også Rindal JFF på Facebook!

Powered by Labrador CMS