Allsidig vårsøgjubileum

I år er det 75 år sidan Hans Hyldbakk skreiv diktet Vårsøg. Ein hyllest til våren, men og ein hyllest til freden som kom våren 1945. Laurdag vart jubileet markert med eit variert program på Kulturhuset i "Vårsøgbygda"

Publisert Sist oppdatert

Ein variert konsert i foajeen markerte startskuddet for jubileet. Her var det eit representativt utvalg av kva musikkbygda Surnadal har å by på.

Først ut var Karstein Mauset, som som framførte låter frå den nye plata si, som og var å få kjøpt. Mauset har tonesatt tekstar frå både Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krog Halse.

Laget Vårsøg hadde fått med seg at russen slit med å skaffe pengar til russerevy i år. Det ville dei gjere noko med, og eit blidspent revystyre fekk overrekt ein sjekk på 10 000 kroner.

Revystyret tek imot sjekk frå Laget Vårsøg

Den yngre garde av poetar i bygda var representert ved sjettelassingen Ida Mogstad sitt dikt, som Svein Sæter framførte for forsamlinga. Så vart improvisatøren Henning Sommaro utfordra til å lage melodi til diktet, på ståande fot. Med streng bedskjed frå Sæter om at vart det ikkje bra, så vart det bråk. Sommerro kvitterte med eit kraftfullt stev som tonefølge til diktet, som blant anna slår fast at fisk smakar bæsj.

Den yngre garde var og representert med både dans, ved flinke KIN Dansekompani og musikk. Elevar frå kulturskulen trakterte fela, akkompagnert av veteranane Erik Moen på gitar og Trond Larsen på bass. I tillegg hadde dei for anledninga sjølvaste TrondheimSolist Anders Larsen med på laget.

Mette Madaus og Carina Fiske framførte ein nydeleg versjon av Jo Sverres "Ka om". Mette på gitar medan Carina song.

Nydeleg var og 12 år gamle Hedda Moen Gjerstad sin versjon av Unni Boksasp sin vakre "Kveldssong". Publikum let seg, med god grunn let seg imponere av Hedda og dei andre unge talent dei fekk høyre og sjå i løpet av konserten.

Punktum for konserten satte den rutinerte gjengen frå Surnadals Hyllest til Dire Straits med Mark Knopfler sin kjenslevare "Why Worry".

Surnadals Hyllest til dire Straits var representerte ved, frå venstre; Halvor Drøpping, Øystein Bondhus, Oddbjørn Sponås, Øyvind Glåmen, Stein Boge og Brage Einum

- Paff

Dagens største overraskingar sto ordførar Margrethe Svinvik for, då ho på vegne av kommunen overrekte eit bilete til mannen som

- Har sett både Hans Hyldbakk og Surnadal på kartet.

Verket Svealiå er laga av kunstnaren Odd Ingar Skrøvset, opprinnelig frå Trondheim, men med sterke band til Surnadal.

Biletet er eit tretrykk, og treet er henta frå sjølvaste Svealiå.

Overrekkinga kom uventa på Henning Sommerro.

- No vart eg paff, eg veit ikkje ka meir eg skal seie akkurat no, sa den overraska mottakaren.

Henning Sommerro mottok bilde av Surnadal kommune

- Har opna og stengt dører

Det er ikkje til å nekte for at for det store publikum er det Vårsøg Henning Sommerro er kjent for. Men til vanleg driv han med ein anna type musikk. Komponisten har halv stilling på Institutt for musikk på NTNU, der han underviser i komposisjon og improviasasjon. Resten av tida jobbar han som komponist og med konsertvirksomheit.

- Eg har aldri hatt eit mål om å vere artist, sier Sommerro. Det er det så mange andre som greier bedre enn meg.

For Sommerro er det musikken som er viktigst, men han innrømmer at det er vanskeleg å fri seg for Vårsøg når han opptrer.

- På 80-talet prøvde eg å bryte med Vårsøgstemplet, og hadde ikkje songen med på konsertar. Men eg kan ikkje springe frå Vårsøg, innrømmer han, og meiner han må ha opptredd med den tusenvis av gonger.

- Eg prøvar å gjere litt forandringar, slik at det ikkje skal bli rein repetisjon.

- Vårsøg har både opna og stengt dører for meg. Det er liksom både og. Songen har gitt Sommerro eit namn, men sjølv i musikarkretser kan han oppleve å vere "han med Vårsøg", noko som av og til kan vere ei ulempe . Sommerro innrømmer likevel at han er ærbødig fordi songen treff så mange på ulike måtar.

- Han er bruka både til begravelsar og dans.

Musikken Sommerro driv med på dagleg basis har nok eit smalare publikum. Han skriv ein del bestillingsverk for for eksempel symfoniorkestre eller kor, både i inn- og utland.

Å vere frå Surnadal er derimot ingen ulempe, Sommarro fortel at Surnadal er kjent som musikkbygd, og ein stad med eit rikt musikkmiljø.

Som varmt kveitebrød

I Finstuå var det digital vsining av bilete som Hans Hyldbakk har teke, medan det i kinosalen blei Ingeborg Grimsmo sin film Kleivakongen vist.

Mange tok turen opp til biblioteket, der bygdebokforfattarane Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten selde den spliter nye boka, som handlar om strekninga frå Pollen til Sogge. Unnateke Skei, som kjem i ei seinare bok som tek for seg sentrum.

Det var eigentleg meininga at boka skulle komme ut i sommar, men på grunn av lockdown og påfølgande stor pågang hos trykkeria, vart lanseringa utsett til no.

Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten

- Vi e kjøln fernøydd med bokja, seier forfattarane.

- Mange har komme ens ærend hit for å kjøpe den.

Den nye bygdeboka er trykt i 1250 eksemplarer.

Anne og Brage Einum har akkurat fått bygdeboka i hende

- Mange bøker ligg framleis ned hos trykkeriet, fortel Norunn Holten. Og så sender dei oppover eit par pallar når vi ber om det, smiler ho.

Powered by Labrador CMS