ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Ekstrahjelp og kortidsvikarar

Surnadal kommune har behov for ekstrahjelper (ringevikarar) og korttidsvikarar i skular og barnehagar i perioden frå no og fram til 31.07.2026.

Vikariat og ekstraarbeid kan vere både heiltid, deltid og timebasert. Omfang og varigheit vil variere etter behova i perioden.

Grunde Walset er einingsleiar ved Surnadal barne- og ungdomsskule.

Gro Kvammen Sæter er einingsleiar for oppvekstsentra i kommunen: Mo, Bøfjorden/Bæverfjord og Todalen/Stangvik.

Marit Sjøsæter er einingsleiar for sentrumsbarnehagane: Øye, Solbakken og Midtigrenda.

Vi søkjer etter personar til:

  • assistentstillingar
  • undervisningsstillingar

Kvalifikasjonar:

  • For undervisningsstillingar er det ønskjeleg med relevant utdanning
  • For assistentstillingar er relevant arbeidserfaring ein fordel
  • Gode samarbeidsevner og interesse for arbeid med barn og unge
  • Personlege eigenskapar og gode tilbakemeldingar frå referansepersonar vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr:

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

- studentavlønning der utdanninga er relevant for arbeidet

- opplæring

- trivelege arbeidskollegaer og godt arbeidsmiljø

Det er krav om tilfredsstillande politiattest. Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Søknadsfrist: 28. februar 2026

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS