Surnadal kulturhus melder:

Henning Sommerro

Fulltreff!

Det er trasig at smitteverntiltaka fører til at storsalen på kulturhuset ikkje kan fyllast, for det hadde den vorte i haust. Og det fleire gongar!

Publisert Sist oppdatert

Teatret Vårt sender tre oppsetningar til Surnadal som alle dreg mykje folk. Den første, Edvard Hoems «Slåttekar i himmelen», blir unnagjort denne veka – og dei fleste av dei 120 billettane kulturhuset får selje, gjekk unna rimeleg tidleg. Det var dessverre ikkje nok slakke i turneprogrammet til ei ekstraframføring.

Vårsøg

«Vårsøg 75 år» er neste ut. Henning Sommerro og eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby tek oss med på ei musikalsk reise i Hans Hyldbakk si verd. Henning Sommerro har laga nye versjonar av sine fine melodiar, og med unike lydopptak og Kleiva-brev kan vi få eit nytt blikk på Hyldbakk sitt liv og tekster søndag 18. oktober.

Stjernemateriale

Dagen etter kjem det rykande fersk materiale i «Stjernemateriale». Etter kva Teatret Vårt sjølv skriv, vil vi oppleve ein lattervekkande teaterkonsert med gåsehudfaktor: På scenen møter vi ei gruppe unge som ikkje anar kva dei er med på. Dei trudde dei hadde meldt seg på ein talentkonkurranse, men hamnar i staden på ein meir enn underleg plass...

Powered by Labrador CMS