Norsk Vandrefestival - Programslepp ps 1500

– Heile helga handlar om lokal verdiskaping

Tysdag presenterte Norsk Vandrefestival programmet for årets festival, som vert arrangert med base i Svinviks Arboret 16.-17. august. – Vi tykkjer vi har fått til mykje bra, seier styreleiar Tom Godtland.

Då Godtland tok over stafettpinnen etter Vandrefestival-gründer og -ildsjel Ragnhild Godal Tunheim tidlegare i år, uttalte han at dette verkeleg var å hoppe etter Wirkola.

Etter nokre månader med jobbing har det nye styret fått teke opp tråden etter Tunheim, dei har sett saman eit imponerande program for Norsk Vandrefestival 2019.

– Vi er godt fornøgde med årets program, som er meir kompakt enn tidlegare. Det har vore eit klart mål for oss, og vi føler samtidig at vi har klart å lande eit program som er heilt i Norsk Vandrefestival si ånd.

Med seg på laget har festivalstyret ei heil rekkje gode, lokale hjelparar. I tillegg til arboretet bidreg Slettneset Steinovnsbakeri, Svinvik Gard, Nordmøre Museum, IL Søya og Todalen IL i løpet av festivalhelga.

I tillegg har Norsk Vandrefestival inngått avtale med iTrollheimen om å ta seg av utføringa av ein del praktiske oppgåver, som kontrakter, sponsormidlar og liknande.

– Det er eit viktig poeng med festivalen vår – at verdiskapinga blir att lokalt. Her er det ingenting som blir tredd nedover hovudet på nokon, men arrangement på kommunen og lokalbefolkinga sine premissar, seier styreleiar Godtland, og fortsett:

– Vandrefestivalen er eit felles bygdeutviklingsprosjekt som skal løfte fram lokale tilbod, aktørar og plassar. På denne måte styrkar vi folk sitt eigarskap til både festivalen og lokalområdet sitt.

Gøran Bolme frå iTrollheimen er glad for å bidra:

– Vi skal samle trådar på dagtid slik at folk slepp på kveldstid, og festivalen treff midt i blinken for iTrollheimen og vårt felt. Dette er slikt det er artig å halde på med, og eg har kjempetru på opplegget, seier han.
 

Jektvik og Megaard kjem

Fredag 16. august startar festivalen, som famnar om kommunene Rindal, Surnadal, Halsa og Tingvoll, med utekonsert på tunet på Slettneset Steinovnsbakeri på Nordvik.

Her blir det alle rettigheiter, samt mulegheit til å kjøpe god mat og drikke direkte frå bakeriet. Dreamfarm Studios, også dei lokale, er hyra inn for å styre lyd og lys.

– Heile helga handlar om lokal verdiskaping, seier styremedlem Egil Nedal.

Hovudartist fredag vert Anders Jektvik, som kjem med fullt band. Før Jektvik frå Hitra går på scena, skal averøyingen Tea Megaard varme opp Vandrefestival-publikummet.

– Vi veit at Anders Jektvik har ein stor tilhengarskare, og Tea Megaard har ei scenepersonlegheit langt utanom det vanlege, seier Godtland, og legg til:

– Dette blir rett og slett ein rå kveld, og med fine omgivnader på Slettneset og kanskje til og med solnedgang – då blir det heilt magisk.

– Vi har bestilt finvêr til festivalen, altså, seier styremedlem Iren Sæterbø med eit smil, medan ho ser ut på pøsregnet på Skei.

– Ja, men eg bestilte jo finvêr til Kulturvøkku denne helga og, og det slo jo dessverre ikkje heilt til. Så det spørs om vi ikkje må prøve ein annan vêrleverandør til Norsk Vandrefestival, ler Godtland.

Styret fortel at det og vert undersøkt om det let seg gjere å sette opp buss til konserten på Slettneset.
 

Innhaldsrik familiedag laurdag

Årets utgåve av Norsk Vandrefestival blir, ifølgje styret, ikkje ein «storfestival». Årsmøtet i festivalen har nemleg vedteke at det skal vere stor og litt mindre festival annakvart år, så neste års festival blir av det store slaget.

– Vi har allereie starta med planlegginga av neste års festival, som skal ha hovudbase i Rindal, seier Godtland.

– Ut i frå det skisserte opplegget blir det kjempestort i Rindal neste år, men årets festival ligg og an til å bli knall, seier Gøran Bolme.

Laurdag 17. august er hovuddagen under 2019-utgåva av festivalen, og den understrekar temaet for årets festival, som er «Familie og friluftsliv».

– Heile laurdag blir ein familiedag. Det blir barneaktivitetar, som Humlehotellverkstad, der folk kan lære om å byggje humlehotell. I tillegg blir det to omvisningar i Svinviks Arboret. Og alle barneaktivitetane er gratis, seier Godtland.

Blant aktivitetane laurdag er og ein gratis guida tur til Åsbøsnyta, og ei historisk vandring rundt Svinvikrunden med Oddvar Mikkelsen.

I arboretet vert det, tradisjonen tru, sett opp tipi - eit stort, kjegleforma telt. Her vil Kirsten Winge halde foredraget «Mat i skogen», og festivalstyret fortel at det kan komme til fleire innslag av denne typen før festivalstart.
 

Konsert med Weiseth, Alnæs og Meisfjord

Laurdag ettermiddag er det klart for familiekonsert, der det før artistane slepp til skal vere høgtideleg kåring av «Årets æresvandrar».

Under sjølve konserten åpnar Øyvind Weiseth frå Halsa ballet, før hovudartist Frode Alnæs tek over saman med Sondre Meisfjord.

– Denne konserten skal vere midt i Svinviks Arboret, og vert ein familiekonsert vi trur kan passe for alle, seier Godtland, medan Egil Nedal skyt inn:

– Vi oppmodar dei som måtte ønske det til å ta med piknikpledd eller campingstol.

I samband med festivalen vert det og mulegheit for overnatting, ettersom det er inngått avtale med Svinvik Gard om at det er muleg å slå opp telt oppe hos dei.
 

– Heile bygda tener på det

Heile programmet for Norsk Vandrefestival ligg no ute på festivalen sine heimesider, og etter kvart vil det og verte muleg å bestille billettar på førehand.

– Vi tykkjer vi har fått til mykje bra, seier Godtland, som deler ut ros til samarbeidspartnarane generelt, og Maja Frønes spesielt.

– Her har folk mulegheiter til å få gode familieopplevingar saman, i tillegg til fine naturopplevingar og vandringar, seier Iren Sæterbø, og får støtte av styreleiar Godtland:

– Det er viktig at folk støttar opp om arrangementa, rett og slett fordi alt festivalen skapar av verdi vert liggande att her. Heile bygda tener på det, seier han.
 

Ingressfoto: Egil Nedal (f.v.), Iren Sæterbø, Tom Godtland og Trine Kristiansen Glåmen frå styret i Norsk Vandrefestival er godt fornøyde med programmet til årets festival. Det same er Gøran Bolme (t.v.) frå iTrollheimen, som skal bistå med praktiske arbeidsoppgåver. Styremedlemmane Ole Solvik og Rose Bergslid var ikkje til stades på tysdagens pressekonferanse.