roger finjord 1

– Dei som kjem lengst er dei som tør å vere rause

Robert Mood og Roger Finjord avslutta Surnadal Sparebank sin næringslivsdag med stil onsdag. Begge snakka om leiarskap, og verdien av inkludering og samhald for å skape prestasjonskulturar.

I den siste bolken under årets næringslivsdag var Robert Mood og Roger Finjord foredragshaldarar.

– Det finst to verdsbilete, måtar å sjå verda på - eitt positivt og eitt negativt. På den negative sida står vi no i ei klimakrise. 2018 var eit heilt spesielt år når det gjeld klimautfordringar, og det er ei av to eksistensielle kriser, saman med atomvåpen, sa Mood, som og trakk fram utfordringar innan cyberspace.

Samtidig trakk presidenten i Norges Røde Kors fram eit anna, meir positivt verdsbilete. Der trakk Mood fram kraftig nedgang i både talet på fattige barn og på analfabetar, og sterk auke i både talet på jenter som går på skule og folk som har elektrisitet.  Barnedødelegheita har og gått kraftig ned.

– Og vi ser at vaksineprogramma våre fungerer. Vi har nesten nedkjempa malaria, og har nesten heilt kontroll på polio. 

– Det som inspirerer meg aller mest med den positive måten å sjå verda på, er at eg ser konturane av eit gryande ungdomsopprør. Ungdommane tek grep for si eiga framtid, og filleristar vår generasjon fordi vi ikkje har teke riktig kurs. Og den filleristinga treng vi, enten vi innrømmer det eller ikkje, sa Mood.

robert mood 2.jpg
Robert Mood heldt eit sterkt foredrag under Surnadal Sparebank sin næringslivsdag.

Roger Finjord avslutta næringslivsdagen med eit foredrag der han sette latterdøra på vidt gap hos dei frammøtte. 

Den tidlegare landslagssjefen i fotball for kvinner er no dagleg leiar i Finnmark fotballkrets, og han snakka om korleis alle menneske har eit behov for å vere flinke og å bli sett. 

Han understreka viktigheita av inkludering, og det å skape ei kjensle av å høyre til for å skape ei god prestasjonsgruppe. 

– Leiarskap handlar om å seie "vi" når vi kunne sagt "eg", og omvendt. Det er umuleg å få andre til å tru på noko du ikkje tru på sjølv, og det er umuleg å bli god i noko du ikkje tykkjer er artig.

Finjord fortalte historie på historie, og publikum let seg villig rive med. Historiene enda alltid med eit poeng knytt til samhald og inkludering, og Finjord sine tankar om leiarskap og lagbygging var den raude tråden gjennom heile foredraget.

– "Unne" og "beundre" er dei to viktigaste orda i ordboka. Vi må bygge kvarandre opp, unne kvarandre suksess og beundre kva andre står for. Til saman vert betydninga av desse to orda det flottaste ordet i den norske ordboka: "rausheit". Ingen angrar på at dei er rause, og dei som kjem lengst er dei som tør å vere rause, sa Finjord.

roger finjord 2.jpg
Roger Finjord imponerte stort med både humor og god leiarfilosofi onsdag.
 

liv dalsegg og robert mood.jpg
Marknadssjef i Surnadal Sparebank og primus motor for næringslivsdagen, Liv Dalsegg, saman med Robert Mood.

liv allan og bente.jpg
Bente Krangnes Edvardsen, Liv Dalsegg og Allan Troelsen, då Dalsegg fekk fortent takk for innsatsen med næringslivsdagen.