Egil Nedal (t

Her er Surnadal Ap sine listekandidatar til kommunevalet

Vil ikkje røre skulestrukturen

- Vi var med og berga skulane i inneverande valperiode, og Surnadal Arbeidarparti kjem heller ikkje til å ta opp att skulestrukturen i kommunen til ny vurdering i neste periode. Det seier ordførar Mons Otnes, som på ny stiller som Ap sin førstekandidat i Surnadal. Vallista som Ap presenterte måndag, inneheld både gamle veteranar og nye namn. - Eg er ikkje med for å vere listefyll. Eg vil bli valt inn, seier Jonny Melkild, ein av listedebutantane. Sjå heile lista inne i saka!

 

Da Surnadal Senterparti presenterte si liste i forrige veke, la ikkje førstekandidat Bernt Venås skjul på at han søkjer ordførarmakt. Mons Otnes, som også for komande periode står øvst på Ap-lista, er på si side like innstilt på å behalde ordførarklubba han har hatt i snart fire år.

- Ap har vore med på å gjennomføre mykje positivt for kommunen i inneverande periode, seier Otnes, og nemner mellom anna utbygging av Øye stadion, interkommunalt barnevern og bevaring av skulestrukturen. - Det har også vore ein tverrpolitisk økonomisk snuoperasjon, som resulterte i overskot i 2010. Det er bra å ha pengar på bok når det skal satsast vidare i kommunen, meiner Otnes, som seier både omsorgsbustader og samferdsle vil bli blant dei viktige oppgåvene i åra framover.

Otnes får ros av andrekandidat Lilly Gunn Nyheim for jobben han har gjort som ordførar.

- Han har fronta både kommunen og partiet godt. Surnadal Ap blir generelt laggt merke til i fylket for aktiviteten og resultata.

Partirepresentantane er svært fornøgde med kommunevallista dei no presenterer.

- Blant dei 33 kandidatane er det ei god blanding av veteranar og nye namn. Her er det både pensjonistar og to under 20 år. Vi har teke hensyn både til alder, kjønn, yrker og at dei ulike grendene skal vere representert. Dette er engasjerte folk med ulike bakgrunnar og synsvinklar, og dette er ei god liste både for Surnadal og partiet. Dette er personar som også kjem til å sørgje for gode diskusjonar internt i laget, og det er slike vi trenng for å utvikle både partiet og kommunen, seier Mons Otnes.

Her er Surnadal Ap si liste til kommunevalet hausten 2011. Dei to øvste namna er kumulert, resten er plassert alfabetisk:

Mons Otnes, Surnadal.

Lilly Gunn Nyheim, Kvanne.

Norvald Bondhus, Surna

Lars Bæverfjord sn, Bæverfjord

Ann Oddveig Buskenes, Surnadal

Odd Asbjørn Bævre, Surna

Ann Grete Gravvold, Surnadal

Tomas Bøe Gravvold, Surna

Ida Andrine Heggseth, Surnadal

Endre Helgetun, Surnadal

Oddny Elisabeth Hoem, Surnadal

Lilli Husby, Bæverfjord

Gunhild Anne Hyldbakk, Surna

Janne Merete Isvik, Surnadal

Elisabeth Jensen, Surna

Tore Korsnes, Surnadal

Borghild Husby Kvande, Kvanne

Torbjørn Kvande, Surnadal

Steffen Andre Lillevik, Bæverfjord

Jonny Melkild, Stangvik

Egil Nedal, Kvanne

Jorunn Ness, Todale

Ingveig Nordvik, Kvanne

Jon O Nordvik, Surnadal

Anita Bugge Opsal, Vindøla

Dan Roger Pedersen, Todalen

Ingrid Pedersen, Todalen

Aashild Settemsdal,Bøfjorden

Arild Anders Solenes, Stangvik

Heidi Gravvold Sæter, Surnadal

Nina Bruseth Sætervik, Surnadal

Oddvar Melkild Væge, Kvanne

Egil Reidar Ørsal, Surna

Bildet viser f.v. Egil Nedal, Mons Otnes, Lilly Gunn Nyheim, Lilli Husby, Heidi Gravvold Sæter og Jonny Melkild.