Ønskjer markfiske heile sesongen og nye kvotar for laks og aure
Vil ha nye fiskereglar for Surna
Det er med bakgrunn i dei gode fangstala i år og oppløftande gytefiskteljing i 2009 og 2010, at Surnadal Elvaeigarlag og Rindal Elvalag har sendt brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Der oppfordrar dei til endring av fiskeforskrift for Surna-vassdraget i Surnadal og Rindal kommunar.
For laksefisket i Surna i 2011, kjem elvalaga med følgande framlegg:
Døgnkvote: 1 fisk.
Vekekvote: Opphøyrer.
Sesongkvote: 3 laks under 65 cm (3 kg) og 3 laks over 65 cm.
Det blir argumentert med at endringa i sesongkvote vil gi betre samsvar med kvotesystemet i trøndelagselvene samt redusere belastninga på større laks.
"Stor laks har betre gyteevne og bør i større grad takast vare på. Videre vil ei slik omlegging medføre svakare insentiver for fiskarar å setje ut igjen mindre laks for å seinere kunne ta større laks".
Når det gjeld aure, ønskjer elvalaga å redusere fangstkvoten frå ein fisk per døgn til 10 per sesong.
"Svake fangsttal for 2010 meiner vi i mindre grad avspeglar den reelle situasjonen for aure, da godt laksefiske og markfiskeforbud i seg sjølv medførte mindre fisketrykk på aure."
Surnadal Elvaeigarlag og Rindal Elvalag meiner også at markfiskeforbud frå 1. august må opphøyre.
"Dette på grunn av betre fangsttal i 2010 og på grunn av at forbodet i urimeleg stor grad rammar markfiskarane og med det også rammar økonomiske interesser, særleg i nedre delar av elva der markfiske er ein framherskande fiskemetode i slutten av sesongen", heiter det i brevet.