mønster_1024x683

Kulturminne i Surnadal

Vikinghola på Årnes

I oktober 1961 vart det funne eit unikt minne frå vikingtida i ei hole i skogen ovanfor Årnes i Surnadal. Mellom det som vart funne i hola, var ein godt bevart beinsylinder. Sylinderen var vakkert dekorert i dyrestil, meir presist kalla «Mammenstil». Denne stilen plasserer funnet til tida 950-1030 e.Kr! Trollheimsporten har besøkt Årneshola saman med mannen som gjenoppdaga ho, Odd Hamnes frå Utigard på Årnes. Her kan du lesa meir om det interessante funnet han gjorde.

Det er ein vakker haustdag at Odd Hamnes blir med oss opp lia frå Kjergroneset til Årneshola. Haustsola skin gjennom eit bladverk som stadig blir tynnare, kanskje ikkje ulikt oktoberdagen i 1961 da han fann hola. Odd Hamnes fortel at sjølv ikkje dei eldste i bygda hadde kjennskap til hola da ho vart gjenoppdaga. Sjølv var han ute på leiting etter ein sau som ikkje var komen til rette etter sommaren. Han fortel at han hadde vore ute og leita fleire gongar, og denne gongen tenkte han at han måtte leite på ein stad han ikkje hadde vore før. Dette førte han til skogsområdet mellom Årnes og Hamnes, Ca 400 meter nordaust for Kjergroneset. Her kom han opp i eit bratt og ulendt terreng som enda opp i den bergehammaren hola ligg. Opninga var delvis dekt av ein stor stein og derfor ikkje så lett å sjå. Inne i hola var golvet delvis dekt av store steinar, men i den vestre delen av hola var det opphavlege golvet synleg. Her fann han bålrestar: brente restar av tre, sot og oske. Da han begynte å rote i oska, kom det fram beinrestar etter ulike slags dyr, fuglar og fisk. Her dukka også beinholken med eitt opp. Han forstod at dette funnet måtte vera noko stort, og tok det med seg heim. Beinholken vart deretter sendt Vitenskapsmuseet i Trondheim, der den framleis er oppbevart.

Odd samla også saman ein kasse med beinrestar frå hola. Desse beinrestane vart sendt til Zoologisk museum i Bergen. Her vart det konstatert at omtrent halvparten av beina tilhøyrte husdyr, resten ville dyr. Det vart mellom anna funne beinrestar etter kalv og lam, noko som tyder på at hola har vore bebodd sommars tid. Meir unikt er det at det også fanst restar av katt i hola. Dette er svært uvanleg i funn frå denne tida.

At det har budd folk i hola, er oppsiktsvekkande. Enda meir oppsiktsvekkande er det at det har budd folk der i akkurat dette tidsrommet; vikingtida. På dette tidspunktet hadde nemleg folk for lengst begynt å bu i hus og drive jordbruk. Kva som er årsaka til at nokon har halde til her såpass seint, er derfor ei gåte. Kanskje er det nokon som har halde seg skjult der oppe i den bortgøymte hola? Kanskje ein fredlaus på rømmen?

Funnet i Årneshola er unikt av fleire grunnar. Det er funne gjenstandar dekorert i Mammenstil fleire stader i Norden og Europa, men det er relativt få av dei. Grunnen til dette er kanskje at materiala ein brukte til denne dekoren, ofte er tre og bein- som begge er lett forgjengelege materiale. For folk på våre kantar er det heller ikkje så vanleg med bergholer. Sjølv om ho ikkje er så stor i dag, er Årneshol ei av dei få holene på våre traktar det er muleg å stå oppreist inni. Dessutan er det berre ein liten del av hola som er synlege for folk i dag. Årsaka til dette er at ei stor steinblokk har rasa ned frå holetaket og skjult gangane innanfor. For gangar er det! Ein av dei er heile 20 meter lang! Arkeolog Ragnar Orten Lie var oppi hola saman med Odd Hanmnes ein gong, og da greidde han å koma seg inn bak den nedrasa steinblokka. Han har i etterkant teikna ei skisse over gangane inne i hola.

Gjenstanden

Beinholken som vart funnen i Årneshola er ein kvitgul sylinder av bein som er kunstferdig dekorert. Sylinderen er laga av noko så eksotisk som kvalrossbein! Den er 5,9 cm lang, har eit ovalt tverrsnitt og ein diameter på 4,4 cm på det største. Ein veit enno ikkje heilt sikkert kva gjenstanden har vore bruka til. Fleire teoriar har vore fremja. Eitt ikkje urimeleg forslag er at gjenstanden er eit handtak til ein gjenstand, t.d. ein dolk eller ei øks. Nær begge endar på sylinderen er det små hol som kan ha vore til å feste den. Ein annan teori er at gjenstanden kan vere eit nålehus der endestykka no er forsvunne.

Mammenstil

Beinholken som vart funnen i Årneshola var dekorert i det ein kallar «Mammenstil». Stilen har fått namnet sitt etter ei dekorert jarnøks i denne stilen frå eit gravfunn ved Mammen på Jylland. Stilen representerer ein sein fase av såkalla «Jellingestil» og representerer ein overgang til «Ringerikestilen». Ein reknar med at stilen vart bruka i perioden ca 950-1030 e.Kr. Vikingane bruka dyr meir enn blad og rankar i ornamentikken sin. Dyrefigurane på gjenstandar frå denne tida kan minne om dyr vi kjenner til, som hestar, slangar, drakar, kattar, fuglar, løver og hundar, men bør nok mest sjåast på som fantasidyr. Det er ofte likevel ikkje så lett å artsbestemme dyra fordi kroppen er uttøygd og lemmene oppflika og lagt i slyng. Fordi dekorstilen utvikla seg over tid, er det muleg å tidfeste gjenstandar ut ifrå dekoren. Det vart mellom anna meir blad og rankar i dekoren etter kvart, og den vart meir påverka av kristendommen. Beinholken i Årneshola er eitt av ganske få funn i Europa av gjenstandar som er dekorert i Mammenstil. Ei muleg årsak til dette er at denne stilen ofte vart bruka på tre og bein, som jo er eit relativt lett forgjengelege materiale. Dette gjer funnet på Årnes enda meir unikt.

Odd Hamnes har skrive ein artikkel om funnet han gjorde i eit artikkel i Årsskrift for Stangvik historielag 2010. Her blir det også referert frå eit særskriv signert Sverre Marstrander, førstekonservator og bestyrar ved Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

mønster_1024x683
Slik var mønsteret på beinholken som vart funnen i Årneshola. Det er finnaren av beinholken, Odd Hamnes, som viser oss skissa.
berghammaren_1024x1536
I denne berghammaren finn du hola.
Odd utanfor hola_1024x683
Odd Hamnes ved holeinngangen.
originalt holegolv_1024x683
Stadig meir stein har dotte ned frå holetaket og dekt golvet, men noko av steinen er fjerna slik at det på ein plass er muleg å sjå det opphavlege golvet.