Kursdag integrering6

Verkstaddag på kulturskolen

Som ein del av samarbeidet mellom Kulturskolen på Indre Nordmøre og integreringstjenesta har kulturskolen invitert til ein skoledag med strikkeverkstad og song og samspel.

Kunstfaglærar Siri Skjerve, med sine medhjelparar Linda Torvik og Stine Valde, har ansvaret for å lære bort strikking. Alle deltakarane skal på sikt få ferdig kvar sin buff, for å vere rusta på ein kald vinter i Rindal eller på Skeisplassen.

Musikkavdeling ved Elisabeth Gjørsvik, Lubomir Alexandrov, Anja Poulsen og Rune Dalager lærer bort både norske rim og regler, og speler og syng enkle rockemelodier.

Med denne presentasjonen håper vi fleire får augene opp for kva kulturskolen kan tilby. Samtidig er det fin sosial og språkleg aktivitet. Så om du ser ein trallande utlending med nystrikka buff kring halsen, kan det vere at han har vore utsett for verkstaddagen med Kulturskolen på Indre Nordmøre!

Kursdag integrering2.jpg

Kursdag integrering3.jpg

Kursdag integrering4.jpg

Kursdag integrering5.jpg

Kursdag integrering.jpg

Tekst og foto: KIN.