Header

Fire & Rain: Country og gospelkonsert

Vellyd i Stangvik kyrkje

"Fire & Rain" hadde teke turen til Stangvik kyrkje onsdag kveld, og gav dei rundt 150 frammøtte ein konsert av høg kvalitet.

"Fire & Rain" er eit band frå Moldetraktene som har gjort suksess med sine tolkingar av gospel og countrysongar. Dei har hatt ein turné rundt i romsdalskyrkjer tidligare i år, og no er dei på ny ute på ein runde på Nordmøre og Trøndelag. Bandet består av Mats Nerli, gitar/mandolin/song, André Gussiås, tangentar/song, Rolf Erik Nustad, gitar/song og Hallgeir Solli, el-gitarer og dobro.

Bandet opna konserten med songen "Fire & Rain" og allereie etter at første akkorden var slegen, forstod vi at dette ville bli ein vakker konsert! Dei var innom både Tom Waits, Elvis Presley, The Band med fleire og bandet imponerte med stemmeprakt og framifrå instrumet-traktement. Nustad var nær originalen vokalmessig når han tolka kongen sjølv, Elvis Presley, og når dei to andre vokalistane kasta seg med og song tre-stemt, lét det så flott at nakkehåra reiste seg! Gitarist Hallgeir Solli leika seg i lydbilde med el-gitaren sin. Ikkje for lite, ikkje for mykje. Akkurat passeleg! Og når André Gussiås la seg utover tangentane på hammond-orgelet, samt at Nerli klimpra på mandolin, ja då lét det så fint at publikum reiste seg og var med å både song og klappa! 

Dei tre vokalistene delte på å syngje solo, samt at dei alle losa publikum gjennom konserten med spilleglede og lun humor. Nerli kunne avsløra at dei allereie hadde eit nytt prosjekt på gang, nemleg ein ny konsert, same konsept, men med kun norske tekster. Og da Nerli spurde dei frammøtte om dei fekk kome att å spele, hausta han stor applaus! - Det tek i som eitt ja, svara han. Så då håpar vi verkeleg han held ord og tek turen tilbake!

Høgdepunktet for Trollheimsportens utskremde må bli "The Weight" av The Band, for da fekk bandet verkeleg vist kva dei er gode for, både spelemessig og songmessig.

Alt i alt ein fenomenal konsert som bør opplevast, så det er berre å følgje med på kvar turnéen tek dei!

Andrè Gussiås.JPG
Andrè Gussiås speidar utover "menigheten" og konstaterar at det er folk på alle benkeradene!

Mats Nerli.JPG
Mats Nerli med stor innleving.

Rolf Erik Nustad.JPG
Stor mann med stor røst! Rolf Erik Nustad.

Mats og Hallgeir Solli.JPG
Mats Nerli og Hallgeir Solli.

Galleri.JPG
Mykje folk hadde møtt opp og ingen gjekk skuffa derifrå! Garantert!