019_350x248

Vellukka sone- og kretsrenn på Nordmarka

62 deltakarar var laurdag i aksjon på sonerenn/kretsrenn på Nordmarka under til dels vanskelege ver- og føreforhold. Sonerennet for aldersgruppa 10 år og yngre vart ein stor suksess. 35 løparar stilte til start og alle viste ein imponerande innsats og glede i langrennssporet, melder Surnadal IL.

Rapportane frå dei unge håpefulle var at dette var moro, og rennleiar Torbjørn Larsen var svært godt fornøgd med arrangementet, skriv SIL på si heimeside.

Ragnhild Mogstad og Kristoffer Berset imponerte stort under kretsrennet på Marka. Begge vann 12-års klassen, og dei slo alle løparane som også er både 13 og 14 år. Ragnhild vann med 47 sekund på Guro Myrset frå Molde og Omegn IF, medan Kristoffer var heile 3.39 minutt føre Even Aleksander R. Gikling frå Molde og Omegn IF. Ragnhild var den som faktisk var nærast Kristoffer (1.17 minutt bak) av samtlege i klassen 12-14 år.

I klassen 11 år gjekk Sindre H. Kvande bra og vart nummer 4, berre 47 sekund bak Martin L. Aakvik frå Betna IL. Sindre Fiske og Ole Snekvik gjekk også bra og vart høvesvis nummer 6 og 7.

I G16 år vart det spurtoppgjer mellom klubbkameratane Vegar Brøske og Snorre Larsen. Denne gongen var det Vegar som trekte det lengste strået.

Resultatliste finn du her.

Klikk på bilda for større versjon.

(Foto: Torbjørn Larsen)

019
Start 8-10 år.
020
Start for yngste pulje.
018
Målpassering for ung løpar.
017
Start 12-16 år.
021
Tidtakarane Ellbjørg Larsen, Evind Sponås og Bjørn Brekke.