Stig Andersen

Vakkert Haustlys i Finstuå

Surnadal Kunstforening opna i dag årets juleutstilling, Haustlys, i Surnadal Kulturhus. Til denne utstillinga er fire kunstnarar inviterte og her finn vi måleri, tekstilkunst, glaskunst og keramikk.
- Ei fint presentert utstilling som mange bør få med seg.

Dei fire kunstnarane representerer ulike kunstuttrykk.

Marlene Nørhave er dansk glaskunstnar frå Nordjylland som lagar produkt som lysestakar, eggeglas, livstre, englar og ulike opheng.

Bjarne Nielsen er norsk kunshandverkar som har arbeidd med keramikk i 45 år. På utstillinga viser han ulike vasar som han lagar på dreieskive. På vasane legg han krystallglasur, noko som gir dei eit spesielt uttrykk

Kari Selnes  er kunsthandverkar frå Tornes i Møre og Romsdal. Hennar hovudinspirasjon til motiv er natur - former og fargar, vekster og dyr. Ho er representert på utstillinga med  veggtekstilar, puter, bordløparar og skjerf.

Stig Andresen (bildet over) er den einaste av årets kunstnarar som var til stades på opninga i dag. Han er opprinneleg frå  Fosen, men bur i Oslo. Han fortel at han er utdana både gullsmed og grafikar og har hatt utsmykningar i fleire store bygg, mellom andre Åna Kretsfengsel, Riska kyrkje i Sandnes og Shell sitt administrasjonsbygg i Stavanger. I Surnadal viser han grafikk og acrylmåleri.

Leiar i Surnadal Kunstforening, Marit L. Moen, kan opplyse om at laget har fire utstillingar årleg, og at dette er den siste i 2019. Dette er ei salsutstilling, og det er høve til å få med seg kunstverka heim straks ein har kjøpt dei.

Fra utstillinga.JPG

Her ser vi grafikk av Stig Andresen på veggen til venstre, tekstilar av Kari Selnes og keramikk av Bjarne Nielsen

Silkeskjerf.JPG

Silkeskjerf med trykk. Kari Selnes.

Keramikk.JPG

Bjarne Nielsen sine karamikkvasar

Utstillinga 2.JPG

Veggbilde og andre tekstilar av Kari Selvnes og keramikk av Bjarne Nielsen

Glasskunst i glassmontere.JPG

Glaskunst av Marianne Nørhave

Tordenskjold.JPG

Tordenskjold Songlag

Marit L. Moen.JPG
Tordenskjold Songlag med Elin Person som dirigent var i dag med og kasta glans over opninga og Marit L. Moen ønskte velkomen.

Mange hadde teke turen til opninga i dag, og dette er ei fint presentert utstilling som mange bør få med seg. Stikk innom Surnadal kulturhus og Finstuå dei næraste dagane!

Ingressbilde: Stig Andresen har ein fellestittel på sine acrylmåleri: "Landskap jeg ikke har sett"