IMG_5421

Vakker konsert i kyrkja

Søndag kveld inviterte Arena:kirke til konsert med Turid Røen Kroknes og musikarane Jo Ranheim, Øyvind Engen og Ronny Kjøsen. Det vart ei vakker og verdig avslutning på Kulturvøkku.

Dette var ein lanseringskonsert for Turid Røen Kroknes sin nye CD «Vegane». "Vegane" er ein vise/pop-CD, med songar som er spesielt laga for henne, og tekstane er på nynorsk. Ho har fått med seg fleire kjende tekstforfattarar og komponistar. 

Bandet besto av Jo Ranheim på gitar, Ronny Kjøsen på tangentar og Øyvind Egen på cello.

Det var mange som hadde møtt opp i kyrkja denne kvelden, for å høre vakker song og musikk. Og dei vart ikkje skuffa. Det var eit reportoar med stor variasjon, både i tekstar, melodiar, rytme og kraft.

Turid Røen Kroknes.jpg

Konserten starta med "Eg trur eg vi døy ei vårnatt", med tekst av Jørgen Gravvold og melodi av Tor Strand. Ein vakker tekst og melodi.

Vidare fekk vi høyre "Eit smil frå deg" av Kjell Inge Torgensen, "Før du kom" med tekst av Geirr Lystup og melodi av Frode Alnæs, salmen "Se solens skjønne lys og prakt" og "Vår beste dag" med tekst av Erik Bye og melodi av Jon Rosslund, og musikarane overraska som koristar på slutten.

Øyvind Egen og Jo Ranheim.jpg

Så tok Turid Røen Kroknes ein pause og slapp musikarane til. Øyvind Engen song "Ungkarssalme" av Alf Prøysen i ein eigen rytmisk versjon med trøndersk tekst. Han følgde opp med "Trass-visa hennes Tora" i same stil. 

Ronny Kjøsen.jpg

Så spela dei ein fengande reinlender, der Ronny Kjøsen leda an på trekkspel. Her høsta dei ekstra stor applaus.

Turid Røen Kroknes tok scenen att og song "E slåttatæja" med tekst av Hans Hyldbakk og melodi av Henning Sommerro. Dette er vel ein av mange tekstar som ein gjerne kan analysere og tenkje litt over.

Så fekk vi høyre songen "Blå time", der Jo Ranheim har skreve melodi til ein tekst av Edvin Opøyen, og "Du" med tekst av Geirr Lystrup og melodi av operatenoren Jan Erik Fillan. Neste song var "Gode du", med tekst av Geirr Lystrup og melodi av Ivar Gafseth.

Avslutningsnummeret var vakre "Nordmørsminne" av Hans Hyldbakk og Henning Sommero, der Turid Røen Kroknes henta fram operasopranen heilt til slutt. Med akkompagement av Ronny Kjøsen på kyrkjeorgel vart det ei svært vakker avslutning på ein fin konsert.

Turid Røen Kroknes med band.jpg

Musikarane fortel at Rindal kyrkje er godt egna som konsertlokale, med god akustikk. Kyrkjeorgelet fungerte óg fint til konsertbruk.

Turid og bandet.jpg
Øyvind Engen, Jo Ranheim, Turid Røen Kroknes og Ronny Kjøsen hausta stor applaus for ein vakker og variert konsert.