Batteri Sondre Skogseth, Stein Boge, Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås, Brage Kristian Einum_350x235

Vårsøghelga 9.-12. juni

Vårsøghelga satsar ungt!

Vårsøghelga 2011 satsar også på det unge publikummet. Med Vårsøghelgas Rockebillett kan du som er under 20 år oppleve opningskonserten torsdag med Batteri og Henning Sommerro, rockekonserten Full vreng og Vårsøgdisko på laurdag for berre 200 kr.! Les meir nedafor!

No kjem ungdomstilbuda!
Dei fem talent fulle musikarane i Batteri utviklar seg stadig - 2. plass i Melodi Grand Prix junior, deltaking i MGP Nordic og debutalbumet “Batteri” som i 2010 både fekk 1.plass på Trøndertoppen og høg plassering på VG-lista. På opningskonserten i Surnadal Kulturhus torsdag 9. juni kjem Batteri til å presentere heilt nytt repertoar, og dei skal også få liv i Henning Sommerro sine rockerøter! (Pris: 150 kr)

Full vreng er tittelen på rockekonserten i Den glade laks, Vårsøg hotell laurdag. Der gir vi gir smakebitar frå det store og gode bandmiljøet i Surnadal. M.A.G – som tidlegare i år ga ut debutalbumet “Magnolia” – vil saman med Batteri og kulturskulebanda Trøkk, Zplint og Emergency sørge for både høg kvalitet og høg lyd. (Pris: 150 kr)

Vårsøgdisko i to puljer på Rokk, Vårsøg hotell, er ei av nyskapningane under Vårsøghelga 2011. Frå klokka 19:30 er det rusfritt diskotek med aldersgrense 11 år. Deretter klokka 22.00 er det aldersgrense 18 år. (Pris: 50 kr)

Følg med på heimesida til Vårsøghelga: http://varsoghelga.no/Heim.php