Forside -februar

Vårsøg Hotell inngår markedsavtale

Vårsøg Hotell har valgt å bruke meir av si markedsføring gjennom Trollheimsporten og har inngått ein markedsavtale med det populære nettstaden for Surnadal og Rindal. Frå før er Vårsøg Hotell medlem av Trollheimsporten og no vil du finne eit av Nordmøres beste ute- og mathus fast i venstre marg på Trollheimsporten.

Slik ønsker Vårsøg Hotell deg velkommen:
Vårsøg Hotell ønskjer velkommen til ei reise inn i Vårsøglandet, som rommar to rike; eit ytre og eit indre. Det ytre Vårsøglandet er geografisk, og ligg i vakre Surnadal på Nordmøre. Det indre Vårsøglandet er eit mentalt landskap, prega av glad forventning til nye spirer og opplevingar. Vi byr deg begge desse rika. Europas reinaste luft og vatn får du på kjøpet. (Sitat frå boka ”Vårsøglandet”, av Svein Sæter.)

I eit heilt ny-renovert hotell byr vi på spennande rom i ei unik innpakking, der naturen og kulturen er dei sentrale elementa.

Om du er ute etter ein triveleg stad for eit møte eller konferanse, om du ønskjer avkopling med opplevingar i naturen, eller om du vil delta på eit av våre mange kulturarrangement, så er Vårsøg Hotell det rette valet for deg!