Ung messe i Åsskard

Søndagens «overhøringsgudsteneste» var nok annleis enn dei som besteforeldra hugsar frå si ungdomstid. Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard styrte det aller meste og skapte ei levande messe.

Ung messe A1 Klargjering prosesjon.jpg
Klargjering til prosesjon

Som innleiingsdel vart skapingshistoria frå Bibelen framført som lesing (konfirmant Magnar) og illustrert med lysbilete, delvis laga av konfirmantane Marie, Elida og Eirik. Foto av natur, dyre- og folkeliv gjorde teksten nær og sterk.

Ung messe A2 Preikedialog.jpg
Torstein (t.v.) og Jens framførte Bernt Venås sin preikedialog på levande måte

Prest og organist overlet mykje til konfirmantane. Jens og Torstein leia liturgien og framførte dagens «preike» som livleg opplesing av ein dialog om hovudtrekka i den kristne trua. Ein del andre unge hadde mindre oppgåver – mellom anna som tekstlesarar. Også likningane om «Den barmhjertige samaritanen» og «Sonen som kom heim» vart illustrerte på videolerretet – begge med kunstferdige teikningar av nederlandske Kees de Kort.

Ung messe A3 Gitartrio.jpg
Erling, Per Emil og Erik kasta glans over songen med friskt gitarspel

Dei tre gitaristane Erling (Solem, konfirmant-pappa), Per Emil og Erik spela friskt til salmane i lag med pianist Bernt og bassist Torstein.

Mange deltok i nattverden. Takkofferet denne støtta Kyrkjeblad for Indre Nordmøre.

Og etter messa gjekk saft, kaffe og Grete si berømte sjokoladekake unna som berre det i Kyrkjestua!

Ung messe A4 BGB og Magnar Skapinga.jpg
Biletansvarleg Bernt G. Bøe og tekstlesar Magnar sjekkar samsvar mellom foto og bibelord før messa

 

Alle foto: Konfirmant Viktor.

Innsendt av Bernt G. Bøe