Stavgang 11_690x460

Tur til Megardsvatnet

Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på turen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover. 

Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen. Komne opp til Megardsvatnet benka vi oss framom det fine Grillhuset til 4-H i Halsa og tok fram nistepakkane våre.

Mange takk til Hans Gujord for den vellykka turen, og til Halsa 4-H for ”lånet” av bord og benkar!

Turen torsdag neste veke går til Gammelfabrikken i Todalen, og vi går i fabrikken og fossen sitt nærområde. Jon Olav Ørsal stiller opp som vanleg og opnar dørene slik at folk kan sjå seg rundt – både ute og inne; og de treng ikkje å ta med stolar. Fotty: Joggesko.

Stavgang 1_690x460.jpg
Vi legg ut på tur til Megardsvatnet.

Stavgang 2_690x460.jpg
Vi er så heldige å ha med Hans Gujord som guide på turen.

Stavgang 3_690x460.jpg
Alle 20 deltakarane samla til matpause oppe ved vatnet. I bakgrunnen ser vi seterstølen på Megardssetra. Sjølve seterhusa er borte no, men vi kan sjå hytta som er bygd på tuftene av det gamle seterskjelet. 

Stavgang 9_690x501.jpg
Olav Øye (nr. 2 frå venstre) fortel ei artig historie som får fram smilet hos Lisbet Ranes, Jorunn Bævre, Margrete Rø og Lars Magnar Bævre.  

Stavgang 11_690x460.jpg
Deltakarane samla framom Grillhuset, som er bygd på dugnad av 4-H i Halsa og sponsa av Lerøy fiskeoppdrett. 

Stavgang 12_690x460.jpg
Hans låser opp døra så vi kan få sjå korleis det ser ut inne i Grillhuset. Borte ved eine veggen står ein omn, og midt på golvet er sjølve grillplassen. Alt så reint og blankt at det skin, så vi tør ikkje trø inn og lorta ut det reinvaska golvet. 

Tekst og foto: Vidar Sogge