Gullet_250x185

Til fjells med radiobjeller

Endeleg vart det tid for saueslepp, minst to veker seinare enn vanleg! I år blir 50 rindalssøyer sende til fjells med radiobjeller utlånt frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og betalt frå potten forebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskader.

Rindal er i lag med Vistdalen, Isfjorden og Måndalen utpeika som prøveområde for utprøving av elektroniske radiobjeller på sau. I dette beiteprosjektet blir det fokusert både på flåttoverførte sjukdomar på lam og å lette tilsynet i samband med dokumentasjon på rovviltskade i beiteområdet. Til fjells med radiosendar på nakken

 

I Rindal har 5 saueeigarar i år fått utdelt 10 radiobjeller kvar. Ein terminal, ein grå boks, (sjå bildet til høgre) blir festa på halsklaven på nakken på dyret. Ved å gå inn på telespor.no på eigen PC kan saueeigaren til ei kvar tid sjå kvar søya er på eit kart over beiteområdet. Ein kan óg spore på kartet kvar søya har gått etter utslepp.

 

Oppdateringsfrekvensen kan ein sjølv bestemme og stille inn på til dømes kvar 8 time. Dersom søya held seg roleg i meir enn 3 timar, blir ein alarm utløyst og eigaren får melding på mobiltelefon.

 

Du som går i fjellet i sommar vil  kunne gå deg på sauer med raude, blå, gule eller grøne "slips" . Slipsfargen viser kor mange lam søya skal ha med seg.

 

Blå sløyfe: Eitt lam
Inga sløyfe: To lam
Raud sløyfe: Tre lam
Grøn sløyfe: Fire lam (sjeldan å sjå)
Gul sløyfe: Søya har ikkje lam

 

Dette er felles merking for alle saueeigarane i Rindal

Når sauen kjem ut på beitet er kvitsømra noe av det første han tek for seg av

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Blå sløyfe: Eitt lam