Header

Surnadal/Søya/Todalen Damer 2.div.

Tap i seriepremieren

Laurdag gjesta KIL/Hemne Syltøran i kamp om poeng i damenes 2.divisjon. KIL/Hemne gjekk ned frå 1.divisjon i fjor og Surnadal/Søya/Todalen kom opp frå 3.divisjon. Det skulle ligge an til nærast rått parti, men heimelaget beit godt ifrå seg, sjøl om det vart knepent tap.

Det var grått og vindfullt på Syltøran denne ettermiddagen då kampen vart blesen igong, men ganske mange skodelystne hadde teke turen. Laget frå Kyrksæterøra var vel det førande laget, men heimlaget forsvarte seg godt, anført av ein solid Veronica T. Aasgård. For det skulle gå 25 minuttar før bortelaget fekk sjansen til å scora. Og hvilken sjanse! Ballen small i tverrliggaren frå kort hald og returen fekk burvaktar Kristine Mikkelsen tak i. Mikkelsen skulle snart i aksjon att, for 10 minutter seinare fekk ein hemnespelar gull-treff og ballen fauk mot krysset, men Mikkelsen fekk strekt seg og slege ballen over tverrliggaren! Meisterleg gjort! Fekk forøvrig tittelen "Dagens SIL-dråk" etter kampen. Trollheimsporten bifallar den avgjørelsen!

Laga kunne gå til pause på stillinga 0 - 0.

Andreomgangen starta litt som den første, med eit spelemessig overtak til Kil/Hemne. Men etter kvart ut i omgangen kom Surnadal betre med. Dei var heilt klart på høgde med dei meir meriterte motstandarne i store deler av omgangen, men uten å skapa noko særleg farlegheiter. Det gjorde ikkje bortelaget heller før ballen satt i nota etter 78 minutters spel. Ei av Surnadalsforsvararane var uheldig og glei slik at Hemneangriparen kunne setje ballen i mål. Og etter 85 min. set bortelaget ball nummer to i nota... Løpet syntes køyrd, men heimelaget beit tennene saman og fekk til ein sluttspurt og vart belønna med ei scoring heilt på tampen. Marit I. Ansnes klarte og pirka ballen i nota bak Hemnekeeper til redusering 1-2. Fleire mål blei det ikkje og KIL/Hemne kunne innkassera 3 poeng.

Surnadalstrenar "Henne" Aasbø rosa spelarane sine som med tap til tross, spela ein god kamp! - Vi har halve backrekka ute med skade og hatt ein tøff vinter, så det er svært gledeleg at vi leverte så bra som vi gjorde, konstaterte han.

Med denne prestasjonen viste heimelaget at dei ikkje blir ein kasteball i 2. divisjon denne sesongen, nyopprykka som dei er!

Surnadal/Søya/Todalen - Kil/Hemne  1 - 2 (0 - 0)

Laget: Kristine Mikkelsen, Lone Brøske, Veronica T. Aasgård, Anne Holmestrand, Marte Nes, Ragnhild Smevoll, Ingvild Berg, Gro J. Gjørsvik, Ane Mogstad, Mari Gjul og Thea Holten. Innbyttarar: Emma Sæther, Alice Naustbakk, Marit Ansnes, Elise Kristiane Einum, Hedda Aasbø, Ida Ranes.

Nokre glimt frå kampen:
Corner.JPG
Farleg sjanse kilhemne.JPG
innkast.JPG
Keeper.JPG
Samling etter kamp.JPG