sigrid vetleseter bøe_550x533

Lesarinnlegg frå Sigrid Vetleseter Bøe

Surnadal kommunes eige ungdomsråd med bokmål?

Eg les den flotte nyheita om at Surnadal har vorte årets ungdomskommune i Møre og Romsdal 2012. Eg er stolt og kry av at ungdomsrådet i heimkommunen min, der eg sjølv ein gong sat som leiar, har jobba så godt for å få fram alt kommunen har å tilby ungdommane. Med eit breitt smil om munnen les eg vidare i artikkelen, men stoltheita blir til stor skuffelse når eg les at sjølvaste Surnadal sitt ungdomsråd foreslår å nytte BOKMÅL som målform!

Surnadal - som har dialekta som er tilnærma lik høgtlesing av nynorsken? Eg har svært vanskeleg for å tru at ungdomsrådsmedlemma slit med å forstå nynorsk - som er så godt som si eiga dialekt - skrive i eigne sakspapir og møteinnkallingar. Det er sjølvsagt trist at dagens leiar av ungdomsrådet, som sjølv er bokmålsspråkleg, har vanskeleg for å forstå nynorsk, som ho sjølv uttalar i Driva. Men no er det eingong slik at vi, som surnadalingar, er busette i ein kommune der den etablerte dialekta blant innbyggjarane er så nært nynorsk at fleirtalet av surnadalingane allereie talar så godt som nynorsk kvar dag - i kvar setning. Forsøk det: Seier de "hver dag", eller seier de "kvar dag", surnadalingar? Skal ein sitte som leiar for eit råd i Surnadal kommune, bør ein kanskje sjå positivt på dialekta blant innbyggjarane i rundt seg i staden for å fokusere på sine eigne språkproblem? Bokmål får ein alltids inn gjennom nasjonale aviser og fjernsyn, men den genuine dialekta som alle innfødde eller fastbuande surnadalingar talar, kjem definitivt best fram i målformen som er laga av dialektar, for eksempel surnadalsdialekta.

Eg håpar difor at de tenkjer dykk ein ekstra gong om når det gjeld denne saka. Bokmål er fornorska dansk, og dét er IKKJE surnadalsdialekta.

Med vennleg helsing Sigrid Vetleseter Bøe, leiar for Surnadal ungdomsråd 2008-2009.