fskal alle_1024x546

Øye skule gitt bort og mye støtte gitt - næringsplan vedtatt

Surnadal formannskap i dag

Torstein Hamnes fekk, mot ei stemme (Lars Polden), Gamle Øye skule i eige i dag. Dermed er ei lang historie med utsettingar over. Flexirampe AS fekk etableringstilskott og Bøfjorden Sag AS fekk støtte til ny saglinje. Fleire andre søknader var oppe i dagens formannskapsmøte, saman med næringsplan for Surnadal kommune, eit møte Trollheimsporten følger direkte:

Heile formannskapet i dag frå venstre og rundt bordet Palmer Vikan (Uavhengig), Stig Sæter (H), rådmann Geir Vikan, ordførar Mons Otnes (Ap), varaordførar Lars Polden (Sp), Lilly Gunn Nyhem (Ap), Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp) og Inger Johanne Iversen (SV).

Her finn du innkallinga og saklista med innstilling og all bakgrunn for sakene.

Her er vedtaka i nokre av sakene - elles klikk på linken over:
Gamle Øye skule
blir gjeve til Torstein Hamnes slik det i dag ”står” og med desse føringane
· Ny eigar må sjølv sørgje for transport, oppsetting og restaurering av Gamle Øye skule.
· Vi ønskjer at ein del av huset kan framstå som ei skulestove.
· Vi ønskjer at bygget blir bruka til formidling, gjerne gjennom leirskulesatsinga.
· Ved eventuell tanke på sal skal kommunen ha forkjøpsrett, men ikkje kjøpeplikt.
· Surnadal kommune vil få laga eit skilt med informasjon om skulens historie, dette skal plasserast i bygget.

Flexirampe AS hadde søkt om etableringstilskott og fekk det enstemmig. Tilskottet er på 100 000 kroner.

Bøfjorden Sag AS fekk einstemmig støtte til ny saglinje. Søtta er på 165 000 kroner. Palmer Vikan (Uavhengig) tykte ikke dette var enkelt, da Bøfjorden Sag og Solem Sag er konkurrenter. Mons Otnes (Ap) ville vera med å støtte dette. - Dette er ei god utviklingssak både for Surnadal og Bøfjorden, sa han. Næringssjef Harald Bredesen meinte ein støtte til Bøfjorden Sag samtidig var ein støtte til bøfjordsamfunnet. Lars Polden (Sp) tykte saka var problematisert vel mykje. - Her har nokon fått til å skape noko i eit område som alltid har vore eit problemområde. Så langt har det vi har vore med på i Bøfjorden vore gode investeringar, sa han.

Norges Bygdeungdomslag Møre og Romsdal fekk einstemmig 35 000 kroner til sitt haustarrangement.

Green Highway fekk enstemmig 34 000 kroner til delfinansiering av forprosjekt. - Ei unik og god sak å støtte i forkant, sa Lilly Gunn Nyheim (Ap).

Akk og Ved AS hadde søkt om 60 000 kroner til finansiering av utviklingsprosjekt. Svært ulike forretningsprosjekt - aquakultur og ved! Palmer vikan (Uavhengig) foreslo å utsette saka, for å få nn meir informasjon og bakgrunn for dei som ville sette i gang dette.

Næringsplan for Surnadal kommune 2011-2015 - sjekk denne her.
Næringssjef Harald Bredesen
(til venstre saman med Inger Johanne Iversen (SV)) orienterte om prosessen, som har foregått i fire år. - Det har skapa eit godt og bredt fundament for planen. Mange har vore involvert i ulike prosjektgrupper. Posessen er godt fundamentert, sa han og var trygg på at det har vore ein god prosess. - Nå er vi i ferd med å få et omfattende planverk og det er positivt, sa rådmann Geir Vikan. I tillegg har no både landbruk og reiseliv kome inn i planen

- Arbeidsgruppene har jobba godt og vi har involvert mange. Dette er eit godt rammeverk for oss politikarar og kva vi skal prioritere, sa ordførar Mons Otnes (Ap) (til høgre). - Det kunne like godt ha stått utviklingsplan på dette, sa han.

- Det ser ut til at det her er gjort eit meget godt arbeid, sa Lilly Gunn Nyheim (Ap). Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp) var einig og tykte det var godt å sjå alt i samanheng.
Formannskapet vedtok einstemmig å sende planen til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Formannskapet hadde også politisk og administrativ struktur til behandling - sjå saka nederst her. Helse, familie og rehabilitering er særleg vurdert på nytt og rådmannen har endra si nnstilling slik at dette blir ei eining.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) fremma et nytt forslag og at klientutvalget blir oppretthalde. - Det er viktig med politisk styring på klientutvalget, sa ho og foreslo i tillegg at talet på kommunalsjefar blir fire. Ho foreslo også å behalde miljø i HTM. Dette vart foreslått frå Ap, Sp pg SV. Debatten gjekk fram og tilbake. Saka kjem til kommunestyret i neste møte. Talet på kommunalsjefar utvida til fire vart einstemmig vedtatt. Klientutvalget var vedteke oppretthalde mot ei stemme. Husnemnda var og oppretthalde, mot to stemmer.