Strikkekultur på Senioruniversitetet

Det var mykje strikkekompetanse og mange strikkaplagg samla då Indre Nordmøre Senioruniversitet tok for seg «Strikking som kultur» 23.november.

Marit L. Moen, nyleg pensjonert lærarutdannar frå NTNU, var vegvisar og gav glimt både frå historia om strikkehandverket, strikkeaktivitetar både i Afrika og Sør-Amerika, og ikkje minst frå  faglitteratur og ulike teknikkar og mønster i vårt eige land. No er strikking populært som aldri før, og i lærarutdanninga og læreplanane høyrer strikking med, både for gutar og jenter.

Og ikkje minst interessant var det å få presentert lokale strikkekofter frå Surnadal, Rindal og Valsøyfjord, ved Solveig Fiske, Ragnhild Stavne Bolme og Kari Bjerknes. Det er tydeleg at enkeltpersonar og husflidslag arbeider godt både med å vidareføre og vidareutvikle eit viktig tradisjonshandverk.

EHA

 Strikking. MLM+S.Fiske.JPG

Surnadalskofte. Marit L.Moen og Solveig Fiske.

Strikking2 M.Meland, A.E.Hess,R.S.Bolme.JPG

Ulike variantar av Rindalskofte v/ Margret Meland, Ann Elin Hess og Ragnhild Stavne Bolme.

Strikking3,K.Bjerknes.JPG

Ei nyleg laga Valsøyfjordkofte v/Kari Bjerknes.

Alle foto: Helene Nergård.