�rsal Hallvard ved Tovatna

Storspelmannen Hallvard Ørsal

Når Nordmøre Spelmannslag stemmer opp i Stangvik-kyrkja søndag ettermiddag, blir det mellom anna med tonar etter storspelmannen Hallvard Ørsal (1875-1943) frå Todalen. Sjå også denne artikkelen!

- Hallvard Ørsal står i aller første rekke blant spillemennene på Nordmøre, sa folketonesamlar Edvard Bræin om felevirtuosen frå Ner-Trøin i Todalen. – Hans spill var jevnt og kraftig og hadde en sjarm som i gode stunder var henførende.

- Skulmeistar ’ell spellmann! svara 5-åringen da læraren spurte kva han skulle bli. Med musikarslekt frå øksendalingen Henrik Rytter på farsida og sjølvaste Gammel-Sagjin på morsida vart han det siste – og det til gagns.

Heilt frå konfirmasjonsalderen var han sjølskriven spelmann på bryllaup og dans. Slåttar både laga han og lærte han der han for. Fela var med over alt – endatil når han gjætte oksane langt inne i Trollheimen!

Tre gonger vann han si klasse på landskappleik og var ein slags uoffisiell norgesmeister. Ryktet om virtuosen gjekk vidt. Det vart konsertreiser rundt på Møre, i Gudbrandsdalen og Trøndelag. Ja, halvtanna år (1912-1913) turnerte han i Amerika - med store overskrifter – som ”Norges bedste Hardangerviolinist”.

Søndag blir det meir om og av han – under kyrkjekvelven i Stangvika.

(Bernt Bøe)
�rsal Hallvard ved Tovatna
Fela hadde Hallvard Ørsal med allstads. Her ved Tovatna inne i Trollheimen.
�rsal Hallvard th og s�nn Trygve
Todalsspelmannen Hallvard Ørsal (1875-1943) står sentralt i programmet. Her saman med sønnen Trygve