Stor dugnadsinnsats - perfekt arrangement

Vi ønsker å takke heile bygda for at så mange var med på å sørge for at World Cup-stemnet vart så vellykka, seier representantane frå Surnadal Idrettslag.


Representantar for arrangementskomiteen, Øyvind Bondhus, Arne Berset, Olav Rønning og Torbjørn Larsen med verdenscuptrofeet og medaljen dei fekk under avslutninga av arrangementet.

 

- Det vart akkurat så bra som vi håpa på, seier Arne Berset i arrangementskomiteen for IPC Nordic Skiing World Cup 2015. Dette blir noko som deltakarane hugsar. Deltakarane sette stor pris på den varmen dei vart møtt med.

 

Alle som besøkte Nordmarka desse dagane var vitne til engasjerte utøvarar i verdensklasse som utøvde ein idrett som fortener å komme i fokus.

 

Det var også bra for skulebarna som var publikum å sjå korleis aktørane takla dei ulike handikappa sine. Det gjorde inntrykk når dei kasta frå seg protesane og hiva seg på kjelkane sine og fekk opp farten!

 

- Kanskje dei mest lærerike dagane dei har hatt, var det lærarar som sa.

 

Bilde t.h.: Surnadal er sentralt plassert på Verdenscuptrofeet!

 

Dei sentrale ledarane var også fornøgde med arrangementet, noko som opnar for fleire store arrangement i framtida. Staben har fått god trening og er godt rusta til neste oppdrag.

 

Norgescup, ST-cup og Midtnorsk er aktuelle arrangement for Nordmarksstaben framover.

 

- Neste gong treng vi ikkje leige inn så mykje kompetanse utafrå. Mange har lært mykje som vi kan bygge på, og vi veit kva vi kan gjere betre, sa Bondhus.

 

Det er svært mange som har lagt ned mange arbeidstimar denne veka. Arrangementskomiteen vil også takke kommune og næringsliv i bygda for at dei la forholda tilrette for sine tilsette slik at dei kunne vere med på dugnaden.

 

Sterkt samhald og god dugnadsånd er viktig for idretten, men også for bygda. Det er god grunn til å tru at næringsliv, og særleg reiselivet, får positiv seinvirkning av slike arrangement.

 

Dei karane som møtte frå arrangementskomiteen var redde for å nemne namn når det var så mange hjelparar, men utan Eldbjørg Larsen til å halde trådane saman, hadde det ikkje gått så godt! Dei trudde det hadde vore enkle middagar i den heimen nokre dagar.

 

Løypeleggar Olav Rønning fekk gode tilbakemeldingar på løypene, på dosering og kvalitet.

 

- Har jo aldri sett slik kjelkekjøring, sa han, så eg måtte sjå og lære av dei. Løypene vart best på slutten, la han til.

 

Dei hadde ikkje full oversikt over økonomien enda, men hadde tru på at det skulle bli overskudd. Det har vore problem for tidlegare arrangørar.

 

Til slutt fekk også lokale media ros frå arrangementskomiteen. Den gode dekninga var heilt klart med og gjorde at det vart mykje publikum.

 

Så er det berre å håpe at det vi opplevde under denne verdenscupen gir mange unge i Surnadal og omegn inspirasjon til vidare innsats i idrett.