Laksefangst i Møre og Romsdal 2017

Størst fangst i Surna

I 2017 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 38 tonn. Surna hadde størst fangst i fylket med totalt 6,2 tonn laks i fjor. Nedgangen i sjøaurefangsten er tydeleg i mange vassdrag, ikkje minst i Driva som omkring år 2000 var ein av dei beste sjøaureelvane i landet.

Ein god fangststatistikk i kombinasjon med andre undersøkingar som videoovervaking av oppgang og telling av gytefisk (dykking) på hausten, gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet med å sikre og styrke fiskebestandane for framtida m.a. ved å fastsette gode fiskereglar, skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal på sin nettstad.

Nedgangen i sjøaurefangsten er tydeleg i mange vassdrag, ikkje minst i Driva som omkring år 2000 var ein av dei beste sjøaureelvane i landet. I 2017 var det ikkje tillatt å fiske sjøaure i Driva.

Les meir og sjå oversikt over fangststatistikken i ti av fylkets vassdrag med størst fangst her.