ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Helsefagarbeidarstilling i Bu- og aktivitetstenesta

I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige stillingar for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar.

Du kan ha eit ønske om å arbeide heiltid eller tenkje at deltid er det som passar deg. Vi har stillingar på natt og stillingar med dag-/aftenvakter.

F.t har vi eit aukande behov på avlasting for barn og har stilling til deg som har ønske om å arbeide med dei yngste tenestemottakarane våre.

Difor er det aktuelt med søkarar som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Det er aktuelt å tilsette i faste stillingar, men vi har også engasjement og vikariat om du ønskjer på prøve deg i tenesta vår.

Ut frå brukarbehov er det i nokre stillingar aktuelt å tilsette menn og i andre kvinner.

Du må ha førakort klasse B.

Søknadsfrist: 05.05.2024

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS