ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Fagleiar Sommerotunet aktivitetshus, fast 100% stilling

Vi er på utkikk etter ein engasjert og motivert fagleiar i fast 100% stilling til Sommerrotunet Aktivitetshus.

 Ved Sommarrotunet gir vi tilbod om aktivitet og arbeid til personar med ulike hjelpebehov.

Det å ha eit arbeid eller ein dagaktivitet er viktig for livskvalitet, personleg utvikling og psykisk helse. Å kunne gle seg over å dra på jobben, delta i eit arbeidsfellesskap, kjenne på meistring over å produsere noko for så å kome heim og har fri, er verdifullt og gir meining for alle.

Stillinga er delt, med ca femti prosent direkte brukaroppfølging og femti prosent er drift og utvikling av dagtilbodet og aktivitetshuset. Stillinga inneber per i dag dagarbeidstid måndag til fredag frå kl. 07.30 - 15.00.

Søknadsfrist: 05.05.2024

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS