Bjørn Buan1

Tek koronagrep etter påvist smittetilfelle i Surnadal:

Stenger avdelingar og trinn ved enkelte barnehagar og skular

Kommunen understreker i utsendt informasjon at det er snakk om føre var-tiltak.

Ingressfoto: Kommuneoverlege Bjørn Buan (Foto: Surnadal kommune).

Torsdag kveld fekk føresette ved enkelte barnehagar og skular  i Surnadal tilsendt varsel om stenging av barnehageavdelingar/elevgrupper på grunn av Covid-19.

Der står det mellom anna følgjande melding frå kommuneoverlege Bjørn Buan:

"Det er i dag påvist eit Covid-19-tilfelle i Surnadal. Under smittesporingen er det framkommet informasjon om mulig smitteutbredelse til barnehage og skole. Der er det pr. i dag ikke påvist smittede, men berørte barnehageavdelinger/trinn stenges inntil kommunen har oversikt over situasjonen. I første omgang fredag 18. og mandag 21. september 2020".

I det utsendte varselet ber kommunelegen og om at søsken til dei som går på dei stengde avdelingane/trinna er heime dei to dagane det gjeld. Skuleelevar som vert berørt vil få fjernundervisning.

Kommunen slår fast at dette er eit førevar-tiltak, som inneber at dei som blir berørt av stenginga bør forhalde seg tilsvarande karantenevilkår.

Dei informerer i varselet om at ny informasjon om kva som skjer vidare blir sendt ut i løpet av måndag 21. september.

Det var Tidens Krav som først meldte om stengingane.