8

Stavgangtur til Honnstadvatnet og Soggnebba

Torsdag 25. juni er Soggnebba målet for stavgangturen. Trass i ein skytung himmel med etter kvart lett regn, startar om lag 30 stavgangarar på turen opp til Honnstadvatnet. Dei fleste gav seg att ved vatnet, medan ei mindre gruppe gav seg i kast med fleire motbakkar, og i lett regn fortsette dei opp til Soggnebba. Dei fekk løn for strevet ved å få oppleva ei fantastisk utsikt frå toppen av Nebba.

1.JPG
Vi har parkert bilane og startar på turen opp til Honnstadvatnet.

2.JPG
Oddbjørg Einmo skriv seg inn i trimboka ved vatnet medan Lisbet Ranes, Bjørg Bruset og Sigrun Ørsal ventar på tur.

3.JPG
Jon Dønheim står og ser utover Honnstadvatnet og konstaterer at sivet held på å ta overhand.

4.JPG
Dei fleste, ma. desse to damene, blir verande att ved vatnet og et nista si her –

5.JPG
– medan 6 stykke legg i veg mot Soggnebba. Her forserer dei bekken som renn ut frå vatnet. Legg merke til stokken som ligg på tvers. Det er restane av dammen til kraftverket, som i si tid forsynte gardane og skulen på Honnstad med elektrisk straum.

6.JPG
Først går Oddbjørg Einmo, etterpå følgjer Tor Mogstad, Arne Våbenø, Gunnhild Mogstad og Lars Magnar Bævre.

7.JPG
Vi går langs fjellryggen ned til pynten på Nebba.

8.JPG
Trass i lett skodde og at eit regnèl nærmar seg, opplever vi ei fantastisk utsikt,  både nedover mot Skei –

9.JPG
– og oppover mot Gulla.
 

Neste torsdag går turen frå Kårvatn til Myrvang og Nauståfossen, med fammøte på parkeringsplassen på Kårvatn. Den som ønskjer, får skyss til Myrvang. Bakels med graut, og i tillegg får vi felemusikk av Torgeir Leivdal med høve til ein svingom på vollen. Ta med stolar!               


Bilde og tekst: Randi og Vidar Sogge.