Stavgang i Todalen

Torsdag 21. mai møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Falla og Dalavegen. Etterpå vart det ein svipptur opp til lysløypa til Todalen idrettslag på Tjønnmyra.

Da vi kom ned til Gammelfabrikken, spanderte Jon Olav Ørsal kaffe og sjokolade, før han gjekk over til å fortelja om utviklinga av Talgø-konsernet frå 1899 og fram til i dag.

Ein stor takk til Jon Olav Ørsal for den interessante dagen han gav oss og til Talgø!

 

1_690x460.jpg

Vi legg ut frå Gammelfabrikken til Talgø og svingar opp Falla.

2_690x464.jpg
Deltakarane tek av frå Dalavegen og svingar av mot lysløypa på Tjønnmyra.

3_690x460.jpg

Ein liten runde i den flotte lysløypa til Todalen idrettslag på Tjønnmyra.

8_690x459.jpg

Fossen som frå 1899 gav kraft og lys til møbelfabrikken og etter endt arbeidsdag gatelys - tidleg på 1900-talet! Det var det ikkje mange stader dei hadde!

9_690x459.jpg

Vi har kome ned til det gamle møbelfabrikkområdet og funne fram nista.

10_690x460.jpg

Jon Olav Ørsal spanderer kaffe og fortel om utviklinga i Talgø-konsernet frå 1899 og fram til i dag.

13_690x460.jpg

Frå matpausen.

 

Neste torsdag, den 28. mai, blir det tur til Smøla. Bussen går frå kulturhuset på Skei kl. 08.50.

 

Tekst og foto: Vidar Sogge.