Statkraft, stor

Statkraft sikrar vassføringa i Surna elv

Statkraft har no sett i operativ drift det nye omløpssystemet i Trollheim kraftverk i Surnadal. Omløpssystemet skal sikre vassføringa i Surna elv nedstraums kraftverket dersom kraftverket, utan forvarsel, stoppar opp.

Tidlegare var det slik at dersom Trollheim kraftverk stoppa opp og kraftproduksjonen
gjekk til null, så ville vasstraumen til Surna elv bli borte i løpet av veldig kort
tid. Når det skjedde, samstundes med at det var lite vatn i Surna oppstraums
kraftverket, så vart det straks fare for delvis tørrlegging av elva og påfølgjande
fare for stranding av yngel og småfisk, fordi småfisken ikkje raskt nok kom seg ut
på djupt vatn i elveløpet. Dette har skjedd ved nokre høve dei seinaste åra, til
skade for fisken - og til stor irritasjon for elveeigarar og sportsfiskarar.

 

- Me forstår godt den frustrasjonen som tidvis har komme til uttrykk når yngel og
småfisk av og til har stranda på Surnas bredder. Slike hendelsar ønskjer Statkraft å
unngå. No er me glade for at omløpssystemet er kome i ordinær drift, og at systemet
fungerer akkurat som det skal både med omsyn til kapasitet, støy og vibrasjonar,
seier informasjonssjef Norman Kjærvik i Statkraft.

 

Dersom Statkraft no skulle få eit utfall og ein produksjonsstopp i Trollheim
kraftverk, så vil omløpssystemet automatisk tre i funksjon. På den måten vil
tilstrekkeleg vatn bli ført ut i Surna elv, slik at vassføringa blir uendra
nedstraums kraftstasjonen. Dermed er faren for stranding av yngel og småfisk nærast
eliminert. Omløpssystemet har ein kapasitet på minimum 15 kubikkmeter vatn i
sekundet, og det er identisk med minstekravet når det gjeld vassføring i Surna i
sommarhalvåret, det vil seie etter 15. mai og før 15. oktober, slik det står å lese
i føresetnadene for regulering av Surna.

 

Omløpssystemet er eit teknisk avansert arrangement, som det har vore jobba iherdig
med i lang tid. No er alt i orden, og Statkraft ser fram til ei betre og meir
forutsigbar ordning når det gjeld å sikre vassføring og fisk i Surna elv framover.
Dette er med på å styrke grunnlaget for Surna som eit attraktivt laksevassdrag, noko
Statkraft er veldig opptekne av og arbeider for.