Bæverfjord 1921 Stangvik ingress

Stangvik i dei harde trettiåra

Denne historia frå dei harde trettiåra, har Eistein Bæverfjord lagt inn på facebook-sida si før avreise til Stangvik i dag.


Dersom eg føler sneven av å vera husmann i dag, når eg entrar årsmøtet i Stangvik Historielag for å underhalde, så vil det eventuelt vera historisk korrekt. I 1921 lånte nemleg Åsskard kommune 40.000 kroner i Stangvik Sparebank, til bygging av Bæverfjord bru. Hengebrua vart bygd, men problemer med lånet førte til at banken blanda seg inn i Herredstyret for Åsskard, og tok delvis over den økonomiske styringa, – for å berge sitt, som det står. Denne dramatikken skjedde sjølvsagt her på Solhaug, på tomta mi, der kommunen hadde sine lokaler, så difor denne eventuelle husmannsfølelsen.


På bilde av brua kan du sjå litt av teksta som står i eit jubileumsskriv for Stangvik Sparebank frå 1965, og dette er berre ei av mange dramatisk saker frå dei harde trettiåra:
 


Bæverfjord 1921 Stangvik.jpg