Folkehøgskulen 2_1024x429

Spanande kulturvandring på Skei

Interesserte i alle aldrar blir laurdag 17. september inviterte til kulturvandring på Skei. Det er Skei- og forvandlinga frå jordbruksgrend til bygdeby som er tema for vandringa. Det vil bli lagt særleg vekt på minne frå krigens dagar i dette spanande arrangementet i regi Senioruniversitetet for indre Nordmøre.

Slik ser Nordmøre Folkehøgskule ut på eit gammelt postkort. Alle bygningane er borte no, men treet framfor bygninga til venstre står framleis. 

Laurdag 17. september mellom 11 og 14 inviterer Senioruniversitetet for indre Nordmøre alle interesserte til kulturvandring på Skei. Alle som har sett gamle bilete frå Skei, eller som har levd ei stund, veit at ein ikkje skal så langt tilbake i tid før Skei berre var ei jordbruksgrend. Utviklinga har derimot ført med seg store endringar, og i dag framstår staden som det som i dag blir kalla ein bygdeby. Det er denne overgangen frå jordbruksgrend til bygdeby som blir tema for kulturvandringa. Særleg vil det bli lagt vekt på minne frå siste krig, og det er lokale kjentfolk som fortel.

Vandringa startar ved kyrkjekontoret (gammelapoteket) på Skei der det er rikeleg med parkeringsplassar. Frå Bårdshaugen går turen til Leitet, vidare til Igltjønnberga og Røssmoen, deretter til Nordmøre Folkehøgskule og så tilbake til Bårdshaugen att. Dei som vil vera med må kle seg etter veret, og gjerne ha med seg drikke. Dessutan må ein ikkje gløyme lommelykta på denne turen! Frå Senioruniversitetet får vi opplyst at opplegget for kulturvandringa vil vera uformelt, og ikkje minst: gratis!