Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Fredag
Fredag Skyet
Skyet
Stille
skuggar_1024x683

Tips 10: Høgberget

Sommartur i Surnadal

Høgberget er eit turmål som passar for alle, men som særleg er ei perle for nybegynnarar: Turen er for det første kort. Den er dessutan fri for stupbratte bakkar som tek motet frå ein som ikkje er topptrena. Sist men ikkje minst: Når du kjem fram til målet, ventar eit storslagent utsyn over flatbygda på deg. Kanskje ein motivasjon for å søkje mot andre toppar seinare? For den veltrena er nok turen i kortaste laget om ein startar frå Idrettshallen, men dei som bur i nedre Surnadal kan godt gå eller sykle fram til startpunktet og på det viset forlenge distansen.

Låg kveldssol over Nedre Surnadal. Alle foto: Norunn Holten

Dette er også ein tur ein kan ta familien med på ein søndag eller ein fin sommarettermiddag. Blir ungane litt lei oppover lia, kan ein kanskje leggja ein avstikkar bort til klatrejungelen som skuleungane har laga seg borte i skogen.

Fakta om turen

Stad Idrettshallen →Høgberget →Idrettshallen
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett)
Kulturminne Nei
Beskriving av kulturminne -
Turbeskriving- trase’ Ta stien opp i rabben i framkant av redskapshuset som står ved Idrettshallen. Gå vidare bak plasthallen som tilhøyrer Surnadal vidaregåande skule og ta inn på skogsvegen bak hallen. Her er det ei grind med eit "forbudt for alle køyrety"-skilt. Fortsett oppover denne skogsvegen. Eit stykke etter at du har passert ei demning på høgre side av vegen, viser eit skilt i venstre vegkant kor stien mot Høgberget startar. Stien er tydeleg, så det er ikkje vanskeleg å finne fram.
Startpunkt Surnadal idrettshall
Sluttstad/turmål Sluttstad: Idrettshallen Turmål: Høgberget
Parkering ved startpunkt Ved Idrettshallen
Type underlag Skogsveg og sti
Stigning Jamnt oppover så lenge du følgjer skogsvegen, deretter lett kupert innover stien.
Total stigning Ca 120 høgdemeter.
Offentleg transport Det går fleire bussar forbi skuleområdet på Øye dagleg, men dei fleste vil nok anten køyre bil, gå eller sykle til startpunktet ved Idrettshallen.
Spesielle forhold

• Du kan treffe krøtter på beite det første stykket av skogsvegen- ta omsyn til dei!
• Lukk grinder og utgardarsopningar etter deg

Kart Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

startpunkt_1024x683
Startpunkt!
grind_1024x683
Her går du oppover.
oppover_1024x683
Fin skogsveg.
skilt_1024x683
Her startar stien mot Høgberget.
skuggar_1024x683
Lange haustskuggar over Surnadal.
utsikt_1024x683
Flott utsikt over Nedre Surnadal.
Lauv_1024x683
Lauvfall.
heim_1024x683
Snart heime.
Tips en venn Skriv ut