Marit Haltli og sauene_690x410

Melding frå Rindal Sau og Geit:

Snart står ein ny beitesesong for døra

Kva vil denne sommaren gje sauene våre? Fred og ro i solfylte grasgangar? Eller blir det ein kamp for ikkje å verta rovdyrmat?


Rindal Sau og Geit ønsker å sette fokus på Fylkesmannen si handsaming av erstatningsreglane for tap av sau til freda rovvilt. Etter "Krokanndommen" er vi ekstra spente på korleis rovdyrerstatningane vert handsama. Det er ei kjennsgjerning at frå 2008 til 2013 har tapet til freda rovvilt hatt ein stor auke i delar av våre beiteområde, særleg har tapet auka på nordsida av dalen. På sørsida av dalen, i Trollheimen, er det vel stort sett som før, for høgt. Forvaltningsmyndighetene hevdar at det samla tapet har gått ned over heile landet. Etter vårt syn så er det ikkje tapet som har gått ned, men det vert erstatta stadig færre dyr på grunn av at dei tolkar vedtektene for utbetaling på ein strengare måte med meir krav om dokumentasjon på rovdyrskade.


Så derfor vil oppfordre alle som ferdes i utmarka om å melde frå når dei finn daude dyr.

DET ER VIKTIG AT DE MELDER FRÅ STRAKS FØR KADAVERET VERT OPPETE AV ÅTSELDYR!

 

Last ned Krokanndommen her

 

Rindal Sau og Geit

Magnar Almberg
Tlf. 95059054

NSG_logo_RGB_200x72.jpg

Rindal Sau og Geit er medlem av Trollheimsporten