01 Skyttar-Tølløv

Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen

«Skyttar-Tølløv» (Tølløv Pedersen Foldalen; 1712-1795) har namnet sitt uløyseleg knytt til historia om «Mannbjønnen» - med æra for å ha skote udyret som drap fem menneske på Nordmøre i 1770-åra. Men kven var han?

Øverst: Tølløv skyt Mannbjønnen. Tegning: E. Olderøyen

Av Bernt G. Bøe
 

I artikkelen «Bauta og bjønn» presenterte eg nyleg dei historiske hovudtrekka om Mannbjønnen. Men det knyter seg også mykje folketru, mystikk og tradisjonsstoff til både ordet «mannbjørn» og hovudpersonen i jakta på dyret.

I 1700-talsskriftet «Nordmørs Beskrivelse» (Kiæmpe & Bull) er fenomenet definert: - De tror at Mennesker kan omskiftes saavel til Ulv som til Bjørn og forteller herom mange Fabler. Saadanne Bjørne kaldes Mandbjørne, og de paastaar, at paa saadanne Bjørne bider ingen Kugler, men kun en Sølvknap.

Vi har ein retteleg «thriller»: Skurken – den blodtørstige massemordaren. Den modige helten – stø på avtrekkaren. Mystikk og trolldom i rikeleg mål - som sølvknappen.

Surnadals-presten Søren Hagerup søkte i 1772 om «skyttarlønn» for Tølløv -  landets fremste bjønnajeger gjennom tidene:

«Da det erfares af den Tronhiemske Adresse Contoirs Avis, at det Høy Kongelige Norske Videnskabers Selskab har behaget at udsette Belønning for den af Bondestanden som har vidst største Vindskabelighed i at udrydde Rov=Dyr, synes ingen at være værdigere at nyde denne Belønning end nærværende fattige Huusmand Tølløv Pedersen Foldalen, som foregiver at have skudt og ødelagt 103 Bjørne (og) 11ve Ulve; saameget er mig og den ganske Meenighed vitterlig, at han har ødelagt mange i Tallet, hvilket har været hans største Opholdsmiddel, som Jeg saameget sikkrere kan bevidne, da Jeg selv saae sidstleden sidst i Augusti Maaned da Jeg var ved Rindals Kirke, at førbemeldte Tølløv Pedersen kløvede een skudt Bjørn hjem, af hvilken Huden blev aftagen, Kjødet (g.?)sat og nedsaltet, hvilket alt Jeg under Haand og Segel kan attestere.

                              Surendals Præstegaard d. 12te November 1772.
                                                                          S. Hagerup»

 

Futen Wedege attesterte:

«Den benævnte Huusmand Tølløv Pedersen Foldalen er en god Skøtter og har ødelagt mange Rovdyr, baade Bjørne og Ulve, saavel her i Nordmørs Fogderi som Andetsteds, hvilket og har været hans meste Ophold.»

Søknaden vart innvilga. I folketradisjonen vart dette til at Tølløv fekk «gullmedalje frå Kongen i København» – for edel dåd.

Gamle tingbøker nemner ikkje alle dei påståtte 103 bjørnane. Vi finn at Tølløv 20-30 gonger har vore på tinget, vist bjørneskinn og fått skotpremie. Jaktmarka er nemnt i nokre tilfelle:  Surnadalen, Rindalen, Bøverdalen, Folldalen, Valsøyfjorden, Vindøldalen og Todalen.

 

Personen Tølløv

Tølløv var frå Garden austafor Gråhaugen i Folldalen. Faren Peder (Pe) var både småbrukar og kjend medisinmann (kvaksalvar). Sist i 1740-åra gifta Tølløv seg med Ingeborg Mikkelsdotter Kirkholt. Dei budde ymse plassar i Rindals-området. Sønnen Ola var den legendariske «Kårøyskyttaren». Ein kløvsal etter Tølløv, med namnet og årstalet 1758, er oppbevart på Rindal Skimuseum.

 
Korleis såg han ut? Gamle Gjertrud Bjørnås hugsa at han var innom Bjørnås-setra da ho var småjente:
 – Han var svart i augo og hadde ei fillut stribrok på seg der han kom inn gjennom døra med børsa på aksla. Ho tykte han såg så skummel ut at ho gjømte seg bak stakken til bestemora.
 
Overtrua tilla Tølløv mystiske eigenskapar. Det heiter at ein kveld han var i Fiskjaslia, kom det eit stygt «ufreskje» inn gjennom døra. Da las han ei regle, og skrømtet seig bort i mørkret att.
 

Levde av jakt

Med jakt som næringsveg og som barn av ei tid utan moderne naturforvaltning har han delvis vore omtala som hensynslaus. Ein sommar skal han ha skote 18 elgar og nærmast utrydda elgstammen i Folldalen. Rindalingen John J. Tørset (NB: Ikkje han dei kalla «Jo Sengen»!) skreiv i 1899 om denne jakta: «Det  var en vaar – altså i parringstiden – at dyrene fra Troldheimen og omliggende trakter havde samlet sig paa et sted kaldet Follan. Der siges indtil 50 stykker. Sneen var dyb med haard skare, men elgene traadte igjennom for hvert skridt, hvilket hindrede dem i at søge frelse i flukten. Men Tollef og hans jagtkamerat havde et udmærket føre paa den haarde sne. Jegerne kunde under slige omstændigheder bare ladde og skyde ned for fode. Og det gjorde de ogsaa – beklageligt nok for efterslægten.» (Og alt kjøttet rotna opp, fordi dårleg ver hindra dei i å frakte det heim.)

Andre fortel derimot at Tølløv hadde høg jaktmoral. Ein bededag drog han og kameraten Hallvard på ski etter eit elgpar innover Folldalen og nådde dyra i tung djupsnø ved Slittåstoen. Elgkua gav opp, sette seg ned og liksom «bad for seg». Dette gjorde inntrykk på Tølløv: - Herredon, eg skyt ikkje, nei! sa han. Men Hallvard fnyste av slikt og skaut det stakkars dyret. Folk reagerte på dette, og han vart sia kalla for «Blod-Hallvard». Tølløv skaut heller aldri dyr som sov, skal vi høre.

 

Mannbjønn-jakta og sølvknappen

Sjøl om tidspunkt og detaljar er usikre, vil Tølløv Pedersen Foldalen alltid bli hugsa for at han «frelste desse bygdene frå rovdyrplagen og skaut mannbjørnen», slik Bjønnastøtta i Haugaskaret fortel. Etter tradisjonen skal det ha skjedd i 1776.

Det er ulike teoriar om kvar bjørnen vart skoten. Både Hjelmskaret, Mørkdalen austafor Hjelmkona og Benkjin i nordvesthallinga under Hjelmen er nemnt. Skyttar-Tølløv skal ha hatt éin jaktkamerat med seg, men kven er uvisst – både Lars «Jara» frå Eidet og Ola Engli er nemnt.

I eit brev datert «Quande d: 2den November 1776» skriv militærkaptein Johan Michael Meldal  at Tøllev Foldal i lag med tre bøfjordingar (Ole Bøe, Ole Audensen Heggem og Joen Olsen Heggem) i 14 dagar har vore på bjørnejakt, men at «de ey var i stand at faae nogen ødelagt». Lønna til kvar var 1 ort pr dag. Ola Bøe var frå Bølandet (uvisst kva gard, ettersom 5-6 mann heitte det same). Ole Audensen Heggem var frå Gammel-Austistua, og Joen Olsen var førstemann i ei ubroten rekkje på 8 blad «John» på garden Heggem fram til i dag.

Detaljar om når og korleis mordarbjørnen med 5 menneskeliv på samvitet kom av dage, er altså uklåre. Her må vi sleppe overleveringane til.

Somme seier at Tølløv og ein jaktkamerat var i Englia natta før mannbjørnjakta. Gamle i Settemsdalen har derimot fortalt meg at jegerane låg der - i Oppigarden. Om morgonen rekte dei fara frå Tunderen mot Hjelmen. Der ein stad skal dei ha funne bjørnen sovande oppå ein stein. Maret Vullum (fødd 1877) sa «ein snøflekk».

Marit bekrefta også mytologien: Tølløv først går tre gonger rundt bjørnen og dannar ein magisk «trollring». Så ropar han til den sovande bamsen: «Høy gut! No må du vakn-opp, så ska du få morgosdrammen din!» Bjørnen kjem imot dei. Kameraten skyt - med vanleg blykule! Uanfekta spring dyret likevel mot karane, men tverrstoppar ved den magiske trollringen.

No skyt Tølløv, med kule av ein sølvknapp, er det sagt. Og dyret – i folketrua altså Mannbjønnen - stuper for meisterskotet. «Paa saadanne Biørne bider ingen Kugler, men kun en Sølvknap ...»

Magien i sølvknappen er inga lokal oppfinning. Eit tiårs tid før dette vart det uhyggelege, ulveliknande «Gevaudon-beistet» (La Beté du Gevaudon) i Frankrike skote med sølvkule, seier historia. I romanen Gösta Berlings Saga skriv svenske Selma Lagerlöf om «den stora björnen vid Gurlita-kollen». Den har felles trekk med Mannbjønnen - og blir til slutt felt av ei sølvkule! (Det er forresten interessant av Lagerlöf var brevvenninne av Stangvik-kunstnaren Dorothea Follestad. Kan ho på den måten ha høyrt om vår Mannbjønn?)

Alt tyder på at folk meinte bjørnen ved Hjelmen var sjølvaste Mannbjønnen. Men meinte Tølløv det? Han skal tørt ha bemerka at dette berre var «ein liten tufs tå ein bjønn». Det får vi tolke som vi vil.

Maret Vullum og andre sa at da dei flådde bjørnen, fann dei sju blykuler i skrotten. Desse hadde altså ikkje «bite på han» - i tråd med trua på sølvknappen og at dette var eit menneske som «gjekk-att» i ein dyrekropp. Men den som tok mytologien heilt ut, var no likevel Hovlik Henden: – Mellom hold og skinn på Mannbjønnen fann dei ei beltreim - med kniv og slire!

 

Åtte ikkje Tølløv eiga børse?

John J. Tørset skriv at Tølløv faktisk ikkje hadde sjølveigande rifle, men alltid lånte seg våpen: «Den bedste rifle, og tillige den han mest brugte, var fra gaarden Storhalt oppe ved Meldalsgændsen. – Det er naar e he Storhalt-refla e lit paa me! pleide han at sige.» Denne rifla eksisterer enno – i privat eige hos ein familie i Hemne. I Valsøyfjorden finst det også ei børse, opprinneleg frå Bøverdalen, som det skal ha vore skote på Mannbjønnen med.

Eirik Haukenes i NRK fekk sjekka om det er spor etter sølvkula i løpet på Storholt-rifla – med negativt resultat. Har slike spor forsvunne? Var det ikkje denne rifla Tølløv brukte? Eller er trua på sølvmagien berre tull?

Skinnet av den såkalla Mannbjønnen vart delt mellom dei tre kyrkjene der ofra var gravlagde – Stangvik, Halsa og Aure. Stangvik-kyrkja brann alt i 1783. Gamle Olav Waagsand fortalte meg at da han var konfirmant i Aure-kyrkja i 1890-åra, «låg det ein rave av mannbjønnskinnet oppe i preikestolen». (Men også Aure kyrkje brann – i 1923.) Om Halsa-kyrkja veit vi at der fanst skinnet langt utover 1900-talet. Sjekk av mulege bjørnehår derifrå pågår enno, men i koronapausen er stillinga uavgjort!



Litt av ein pode

Uansett tvil om både sølvkule og kva bjørn som eigentleg var Mannbjønnen: Tølløv Pedersen Foldalen var ein legendarisk jeger. Og etter det folk har sagt, må han tidleg ha vist talent.

Som 10-åring tok han børsa og skaut ei linerle av ryggen på kua som mor hans sat og mjølka! Eit par år seinare, medan han enno gjekk i kjole, var han med faren på bjørkaløyping ein sommardag. Tølløv vart lei, knabba børsa og stakk av for å skyte orrfugl. Da kom det fram to bjørneungar. 12-åringen skaut begge. Så dukka sjølvaste bingsa fram oppe på ein berghammar. Tølløv skaut ho og. – Ja, no he eg skote tri bjønna eg, far! rapportere han. - Jau, du ser ut te di, du! tvila faren, men sansa seg: - Ja, he du skote tri bjønna, så he du ikkje vesst kva du he gjort!

 

Stø på avtrekkaren   

Som vaksen imponerte Skyttar-Tølløv stort kvar han for. Ein tingdag i Rindalen bad dei han skyte på verhanen i kyrkjespiret - 250 meter borte. Tølløv skaut teinen under verhanen tvert av! Uskadd datt hanen ned - og vart plassert i kyrkja som stas!

Bonden på Fiskja spurte om han kunne treffe sylskaftet hans på lang avstand. - Ja, herredon! svara han – med uttrykket han ofte bruka. - Spandere du sylskaftet ditt, så  - ! Fiskjasmannen sette sylen i linhusveggen, og Tølløv skaut vekk skaftet så berre messingholken var att!

Fiskja var også ekserplass. Soldatane skaut på 200 meteren. Tølløv kom forbi og vart  utfordra av kapteinen. Motvillig skaut han tre skot - gjennom same holet i blinken. Dei fann alle kulene samla! Kapteinen var så imponert at han honorerte skyttaren med  tre blanke dalarar!

 

Tøff og tolmodig jeger

Oppdaga han vilt, gav Tølløv seg sjeldan. Ein gong låg han i to døgn og venta på ei gaupe innafor Liagarden – men den gongen forgjeves. På Storlifjellet laut han overnatte etter å ha skote to bjørnar. Det var kaldt, men han flådde eine sida av kvar og bretta «skinnfellane» rundt seg: - Herredon, eg he alder sove be’r!

Det kunne oppstå basketak med bjørnen. I Svartådalen vart jaktkameraten, kaptein Aalmussen, angripen av ein slagbjørn han hadde skamskote. Tølløv kunne ikkje skyte, men slo med børsa: - Det mona ikkje stort så lenge børsestokken sat på, sa han. - Men da det var berre pipa att, kjente eg kor bjørnen sokk ihop for kvar ein dask!

I Kløftseter-marka i Vindøldalen gleid Tølløv og datt da ei skamskoten bingse kasta seg over han. Men han støytte børsepipa ned i gapet på henne, og ho seig ihop. Ved Fiskja-setra i Folldalen sette han krokfot på ein bjørn – som så datt utom berget og døydde.

Ein bjørn i hiet fekk besøk: Tølløv kraup inn med ein ljøs-dåle på børsepipa. Han fortalte at bamsen geispa og strekte seg. Sjøl helsa han slik: - Det e brukeleg når to gamle venne møtest, at dem skjenkje kvarander. Så vil ’kje du skjenkje meg, så ska no eg skjenkje deg! Og «skjenken» var ei dødeleg salve frå rifla!

Jau – skjenkjemeister på den måten var han. Utan tvil!

 

Til slutt: Stor takk til Jonny Lyngstad for verdifull arkivgransking, som eg delvis har sitert!

*

02 Skyttar-Tølløv StorhaltriflaStorholtrifla Svkv. fotoarkiv bøfjorden historielag
Storholtrifla. Låsen er vel modernisert? Fotoarkiv Bøfjorden Historielag.

03 Mannbjønnen Ved Hjelmen BGB Skyttar-Tølløv Bernt GB Hjelmskaret Foto Randi Bøe.jpg
- Var det her Mannbjønnen låg og sov? Artikkelforfattaren peikar mot Hjelmskaret. Foto Randi Bøe.

04 Mannbjønnen Hjelmen med Benkjin. Skyttar-Tølløv Randi VB Benkjin Foto Bernt G. Bøe.jpg
Somme seier bjørnen vart skoten ved Benkjin oppunder Hjelmen. Randi Bøe peikar. Foto Bernt G. Bøe.

05 Kløvsal SkyttarTølløv Foto Kari-Elin Bolme Løfaldli[1].jpg
Denne kløvsalen etter Tølløv er oppbevart på Rindal Skimuseum - med påskrifta «T(ølløv) P(edersen) 1758». Foto Kari-Elin Bolme Løfaldli.

06 Mannbjønnspel 2010. Skyttar-Tølløv Dramatisering 2010 Tølløv skyt. Foto Bernt G. Bøe..jpg
Mannbjønnjakt på Bøfjorden skule i 2010: Tølløv (John Heggem jr; t.v.) med jaktkameraten (Johannes Helgå Johnsen). Han i hovudrolla er forresten 4 x tipp-oldesønn av den Joen Olsen Heggem som i 1776 var med på jaktlaget hans Skyttar-Tølløv! Foto Bernt G. Bøe.

07 Mannbjønnspel 2010. Skyttar-Tølløv Dramatisering 2010 Sølvknappen Foto Bernt G. Bøe.jpg
Stemmer det at Mannbjønnen vart skoten med sølvknapp? Frå Bøfjorden skule i 2010 med John Heggem jr som Tølløv -  Foto Bernt G. Bøe.

08 Mannbjønnbørse Bøverdalen Eigar Kolbjørn Botten.Skyttar-Tølløv Bjørnerifle frå Bøverdalen. Fotoarkiv Bøfjorden Historielag.jpg
Også med denne rifla, opprinneleg frå Bøverdalen, skal etter segna ha vore bruka mot Mannbjønnen. Tenningslåsen er ombygd. Fotoarkiv Bøfjorden Historielag.