Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
6

Skuleelevar i "beintøff" konkurranse

Alle elevane i 6. og 7. trinn ved Mo oppvekstsenter er med i konkurransen "Beintøft 2018", som er Miljøagentene sin "gå til skolen"-kampanje. I Øvre Surnadal er det mest aktuelt for dei fleste deltakarane å sykle til skulen, for nokre av dei har over ei mil lang skuleveg!

Vi møter ein gjeng med blide og engasjerte elvar på Mo oppvekstsenter. Dei fortel at konkurransen starta sist måndag og varer i fire veker. No har dei halde på i ei og ei halv veke, og så langt har alle sykla eller gått til skulen kvar dag. 

Elevane fortel at dei likar å sykle, og at dei heilt sikkert kjem til å sykle til skulen enda oftare etter at dei har vore med på denne konkurransen. Nokre av dei ser for seg å sykle i vinter og.

- Det e gøttj å sykkel! 


Syklar meir enn to mil om dagen

Vi spør om det slitsamt å sykle til skulen. Men det synest elevane ikkje at det er. Dei fleste står ikkje opp tidlegare enn før. Det går ikkje så fort når dei tar skulebussen heller.

Fleire av dei bor langt oppe i bygda, og nokre har over ei mil skuleveg. Det blir meir enn to mil å sykle kvar dag. Det må da verkeleg vere beintøft? Men, nei, her er det ingen som klagar. Dei fortel at det ofte ventar på kvarandre på vegen og syklar saman.

Vi spør om det er verre å sykle når det regnar. Men det er ikkje noko problem, sier dei. Mandag denne veka var det til og med hagl da dei sykla heim frå skulen, men det gjekk bra det og!


Ulike vekesoppdrag

Lærar Beret Sande fortel at elvane har eit vekesoppdrag for kvar veke i konkurransen. Første veka var oppdraget "Trygg skoleveg". Da hadde dei fokus på trafikksikkerheit, og at både billistane og dei sjølv skal vise hensyn i trafikken. Nokre plassar langs vegen er det smalt, og da bør syklistar stoppe og sleppe store bilar forbi. Ellers prata dei med bussjåføren, og takka bilistane som kjørte forbi skulen for at dei viser hensyn.

Denne veka er vekesoppdraget søppelplukking lags skulevegen. Neste veke er temaet "Sykkelglede", og da planlegg ein av elevane å sykle til skulen på einhjulssykkel.


Kan vinne premiar

Det er 6. trinn og 7. trinn som er med i konkurransen., men nokre av elevane i 5. trinn er og med. Dersom dei får gode resultat i konkurransen kan dei vinne premiar. Men det viktigaste er nok at elevane trivst så godt med å sykle og gå til skulen. 

Det mykje sykling i friminutta og. Skulen har planer om å lage sykkelløype. Men veg å sykle på og bakke å hoppe i har dei i alle fall.

DSC_0777.jpg

DSC_0782.jpg

DSC_0786.jpg

DSC_0790.jpg

DSC_0793.jpg

Alle 14.jpg
Første rekke f.v. Knut Anders Harang Berset, Alfred Blomstrand Harang, Mats Leinum, Steinar Kvammen Sæter, Tarjei Lysø, Erling Berset og Kristi Fugelsøy.
Andre rekke: Øyvor Kvande Svanem, Emilie Lervik Vinje, Ingrid Hansen Røv og Synne Dalsegg.
Lengst bak: Olav Fugelsøy, Johan Ranes Måsøval og Lars Vaseng Kvammen.


 

Tips en venn Skriv ut