DSC_0080

Skuleelevar bygde gapahuk på hjul

Denne vinteren har "Inn på tunet" ved Surnadal ungdomsskule hatt eit stort prosjekt på gang. Dei har bygd ein ny gapahuk til Honnstad og Mogstad fiskelag. Det er ein heilt eigen patent, for gapahuken er flyttbar, med hjul. No er han på plass ved Langhølen, ei veke før laksefisket startar.


Praktisk avbrekkk med god læring for elevane

Arild Nerland er ansvarleg for "Inn på tunet" ved Surnadal ungdomsskule. I prosjektet med gapahuken har han to roller, sidan han og er ein av dei 15 grunneigarane i Honnstad og Mogstad fiskelag.

Nerland fortel at han starta "Inn på tunet" saman med Kjell Ulf Lund i 2002. Det er eit frivillig tilbod med praktisk arbeid og friluftsliv til elevane ved ungdomssskulen, først og fremst 8. og 9. trinn. Dei har mellom anna dreve med partering av vilt i jakta, dei har hogd ved og dreve med små byggeprosjekt som denne gapahuken. I fjor bygde dei to åtebuer for revejakt, på oppdrag av Surnadal jeger og fiskerforening. "Inn på tunet" har base i kårhusa hos Kjell Ulf Lund, som dei har restaurert. Det skal vere heimkoseleg der, ikkje som eit klasserom, sier Nerland. Dei har og ein vikingleir og ei aktivitetsløype som dei held ved like.


Legg inn fleire fag

For elevane ved ungdomsskulen er det frivillig om dei vil vere med i "Inn på tunet". Det er omlag halvparten av elevane som har valgt å vere med på dette, ca 80 elevar i år, fortel Arild Nerland. Han ser ofte at elevar som ikkje er så sterke i teoretiske fag ofte får vist gode evner når dei kjem ut i praktisk arbeid. Skulen legg sjølvsagt inn element frå den tradisjonelle undervisninga når dei er ute på praktisk arbeid. Matematikk er sentralt i byggeprosjekt som dette. Mat og helse blir det og, for dei brukar å lage seg eit måltid mat når dei er ute på arbeid.

Elevane deltek i små grupper, og bytter på kven som er med på prosjekttimane. Nerland fortel at dei brukar å fylle opp ein bil eller to kvar gong. Det blir 4-5 slike dagar med praktisk arbeid på kvar elev gjennom skuleåret.


Spesialpatent med hjul

Honnstand og Mogstad fiskelag har hatt eit problem med at gapahuken ved Langhølen har vorte tatt av straumen i elva. No skal det problemet vere løyst, for den nye gapahuken er bygd på understellet av ein hengar, så han kan kjørast vekk om hausten. Byggverket har og ein "veranda" som fungerer som ei luke. Når han blir løfta opp blir han som ein vegg, og gapahuken blir tett for ver og vind. Dette er ein unik patent, skreddarsydd for dette formålet. Honnstad og Mogstad fiskelag ga skulen frie tøyler til å utforme byggverket. Fiskelaget har betalt materialane, men har fått arbeidet utført gratis. Dette er alle partane svært nøgde med.


- Timane går alt for fort

Elevane som er med er glade for at skulen har ei ordning med praktisk arbeid. Dei bekreftar at dei har lært mykje av dette, og forstår meir av korleis ting fungerar i praksis.

- De e kjøle gøttj, sier Håvard Mikkelsen og Even Hyldbakk.

Dei er enige om at timane dei har vore med "Inn på tunet" har gått alt for fort, og dei skulle gjerne ha vore med på mykje meir av denne type arbeid.

DSC_0084.jpg
Jon Arne Lesund, Kristen Mogstad og Arild Nerland er fornøyd med at fasilitetane ved elva er på plass før fiskesesongen startar.


Tilbod som passar alle

Grunneigarane Kristen Mogstad og Jon Arne Lesund fortel at fiskelaget har 5 hølar som dei leiger ut i fiskesesongen. Ved kvar høl har dei sett opp gapahuk og toalett.

Tre av hølane blir leigd ut til kameratgjengar på 6-8 personar vekesbasis. Dei andre to hølane sel dei fiskekort på, så dei har tilbod som passar alle. Og ungdom under 16 år fiskar gratis, presiserar dei.

- Vi har mykje utleie på valdet. I 2017-sesongen var den største Surna-laksen for sesongen teke her i Langhølen, fortel Kristen Mogstad.


Treng meir arbeid til neste år

No er "Inn på tunet"-sesongen ferdig for dette skuleåret, men til hausten er dei ledig for oppdrag att.

- Dersom det er organisasjonar som treng å få utført praktisk arbeid som kan passe for oss så vil vi gjerne høre frå dei, sier Arild Nerland.

 

Elevane på bildet over er Even Hyldbakk, Håvard Mikkelsen, Gabriel Smith, Mathea Polden, Astrid Dammen Gjeldnes, Håkon Telstad Sollid, Torsten G. Üblacker og Ole Moe Stensønes.