Skihistorie og språk på haustprogrammet

Skihistorie og fyndig språkbruk står på programmet for Senioruniversitetet for Indre Nordmøre i haust. Det første møtet skal vere på det nyopna skimuseet i Rindal onsdag 17.september kl 11.00. Seinare i haust får vi besøk av språkforskar Tor Erik Jenstad.


Mange rindalingar har vore på skimuseet og blitt imponert, men framleis er det sikkert både rindalingar og folk i Surnadal og Halsa som ikkje har vore der. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og hyllkak – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.
 

Skikultur plakat.jpg
 

Seinare i haust, 29.oktober, kjem språkforskar, ordbokredaktør, folkemusikar og sunndaling Tor Erik Jenstad. Nøyaktig tittel på det han skal snakke om, er ikkje avklart enno. Men mange kjenner Jenstad som ein fyndig og slagferdig språkforskar, så det blir sikkert også ei  interessant økt. Detaljert infomasjon om møta følgjer etter kvart – men sett av dagen !


EHA