Picasa

Skapelsen – KKKK-festivalen i Stangvik

Lørdag ettermiddag fekk vi oppleve Skapelsen på to timar i Stangvik kyrkje! Oratoriet Skapelsen av Joseph Haydn er Kristiansund Kirke Kunst og Kulturfestival sin åpningskonsert.

IMGP6250.jpg

Peder A. rensvik

Dirigent Peder A. Rensvik stilte med rundt 70 songarar og musikarar – Kristiansund kammerkor og Festivalens symfoniorkester. Som solistar verka det som Rensvik hadde plukka frå øvste hylla. Han har nok eit godt nettverk etter mange år med KKKK-festivalen. Dette er den 16. festivalen.

Berit Norbakken Solset.jpg
Sopranen Berit Norbakken Solset har gjesta KKKK-festivalen to gonger tidlegare. Lørdag hadde ho rolla som engelen Gabriel og Eva.

Magnus Staveland.jpg
Tenoren Magnus Staveland deltek for første gong under denne festivalen. Han gav stemme til engelen Uriel i dette oratoriet.

Matthew Brook.jpg
Og sist, men ikkje minst, opplevde vi den verdsberømte bass-barytonsongaren Matthew Brook, som har gjesta KKKK-festivalen fleire gonger frå 2004. Lørdag var han engelen Raphael, og i siste del, Adam.

Alle tre har heile Europa og meire til som sin arbeidsplass.

Gjennom oratoriet Skapelsen leier Haydn oss gjennom dei seks skapingsdagane og måler skaparverket for oss med tonar frå orkesterinstrumenta og songarane, - koret og solistane. I Stangvik-kyrkja fekk vi oppleve dette til fulle denne septemberlørdagen

IMGP6302.jpg
Skapinga toppa seg med dei første menneska den sjette dagen, men oratoriet Skapelsen nådde toppen den sjuande dagen! Først med ei nydeleg morgonstemning skapt av orkestret.

IMGP6301.jpg
Så fekk vi både sjå og høre det lykkelege menneskeparet, Adam og Eva, levandegjort av Matthew Brook og Berit Norbakken Solset. Truverdig framført, utan store fakter, men du, for tonar og innleving!

Vi merker oss Uriel sine siste ord slik det står i den norske librettoen som vi fekk utdelt (veldig positivt, forresten):

O lykkelige par, vær alltid lykkelige
hvis dere ikke ledes i villfarelse:
Om å ønske mer enn dere alt har,
Om å vite mer enn dere bør!

- men dette var før slangen dukka opp ..

IMGP6264.jpg

IMGP6266.jpg

IMGP6267.jpg

IMGP6268.jpg

IMGP6304.jpg

Dirigent, solistar, kor og orkester fekk velfortent applaus for sterk innsats i det to timar lange oratoriet!

Tekst/foto: OleT