Svorka 1_350x209

Skal styrke samarbeidet

Styrka samhandling mellom skulane og næringslivet i Surnadal, Rindal og Halsa, er det sentrale målet for prosjektet "Kompetanseløftet 2009-2012". I dag fekk Svorka-direktør Erlend Eriksen (t.v.) og andre bedrifter i Surnadal besøk frå mellom andre Hogne Humberset frå Surnadal vidaregåande skule og Kjetil Rønning, Ella Sæter og Åse Torill Solli frå Trollheim Vekst.

I tillegg til Svorka Energi/Svorka Aksess, var det under næringslivsdagen også besøk hos Trollheim Vekst, Amfi Drift/Amfi Kreativ, Vårsøg Hotell, Pipelife og Surnadal Transport for dei inviterte deltakarane frå ungdomsskular og vidaregående skule, Indre Nordmøre Opplæringskontor, Trollheim Vekst og Oppfølgingstenesta.

Per Kristian Øwre er leigd inn for å styre "Kompetanseløftet 2009-2012". I prosjektet er kartlegging av framtidig kompetansebehov samt arbeid for å gjere indre Nordmøre til ein attraktiv og framtidsretta region, blant måla.

Bedriftene som fekk besøk i dag, orienterte mellom anna om noverande og framtidig kompetansebehov.

- Det blir eit generasjonsskifte i Svorka om nokre år. Vår største utfordring blir å skaffe nok kvalifisert mannskap, fortalde administrerande direktør Erlend Eriksen, som også viste deltakrane rundt i Svorka-lokalet. (bilde 2)

- Vi seier sjølvsagt ja takk til folk med utdanning, sa Håkon Solvik, dagleg leiar i breibandselskapet Svorka Aksess. - Men det viktigaste er at du vil noko, at du kan å lære. Stå-på-vilje og interesse er viktige eigenskapar. Vårt råd er å dra ut og å ta utdanning, for å å kome tilbake hit til regionen vår att.