Picasa

Salmer til alle tider

Søndag ettermiddag var det salmesongen som stod i sentrum i Rindal kirke. NRKs tidlegare salmegeneral fortalde om arbeidet før, under og etter den store maratonsendinga på NRK2 med salmeboka.

Logo_690x376.jpg

28. november kl.12.00 for to år sidan starta TV-programmet «Salmeboka minutt for minutt» og 60 timar seinare var alle 899 salmane i den nye salmeboka presentert! Da hadde 200 kor og over 3000 songarar stilt seg opp i Vår Frue kirke i Trondheim som forsongarar til dei 17 000 personane som gjesta kyrkja desse døgna, pluss at 2, 2 millionar hadde følgd med på fjernsynssendinga. Organistar og kor frå sør til nord i landet deltok, og det var direkteoverføring av salmesong frå fleire kantar av landet vårt og frå USA og europeiske land!

Helge Gudmundsen_690x459.jpg
Visste Helge Gudmundsen kva han sette igang da han presenterte denne idéen for kollegane sine i NRK? Truleg ikkje, men idéen vart sett ut i livet.

Etter at NRK-leiinga godtok planen, vart den kunngjort på Sommeråpent frå Operataket i Oslo der Helge Gudmundsen presenterte opplegget, og songaren Anne Vada song «Eg veit i himmerik ei borg» for den største forsamlinga som har vore på Operataket. Det viste seg riktignok at folkemassen ikkje var møtt fram for salmesongen, men for hovudgjesten denne kvelden, som var Marit Bjørgen. Det tykte Gudmundsen var heilt greitt.

Oversikt kirka_690x457.jpg

Frå Operataket vart kor og songarar oppmoda om å melde seg på denne salmedugnaden, og påmeldingane strømma på! 240 kor og grupper av ulike slag meldte seg. Organistar, - mange, måtte kontaktast, sjølvsagt først og fremst organisten i Vår Frue kirke, og ulike korforbund vart kontakta for hjelp med organisering. Det måtte også tingast øvingslokale nær kirka.

Korleis dei ulike salmane skulle framførast måtte avgjerast, når skulle ein bruke orgel, når piano. Kven kunne synge om natta? Kva kor kan stille til song kl. 03.00? Ein måtte også finne organistar som ville spele til alle tider på døgnet. Alt dette ordna seg.

Bjørn Vevang_690x899.jpg
Ein av organistane som spela mange timar under denne TV-sendinga var Bjørn Vevang, og han var i Rindalskjerka denne søndagen. Han var mellom anna organist på den siste salmen rundt midnatt søndag 30. november 2014. Da skjøna han at salmeskatten verkeleg var ein salmeskatt!

Det var så mange som ville vere med og synge salmane i Vår Frue kirke at det vart alt for få salmebøker. Det fekk folk til å dra til bokhandlane i byen og kjøpe salmebøker. Bokhandlane i Trondheim vart utselde for salmebøker!

Kirkebandet_690x460.jpg

Kirkebandet i Rindal kirke bestod i dag av Einar Lillegård – bass, Magne Lillegård – slagverk, Thomas Monrad Erlandsen – trekkspel og i dag Bjørn Vevang – orgel og piano. Dei sørga for friskt og livleg tonefølgje. Forsamlinga kvitterte med fyldig song!

Bjørn Vevang ved pianoet_690x459.jpg
Da forsamlinga i ettermiddag song dei 9 versa av «Ein fin liten blome» gjekk Vevang frå pianoet opp til orgelet på galleriet under eitt av versa, og slutta seg til akkompagnementet derifrå!

Helge Gudmundsen var strålande nøgd med gjennomføringa av salmemaratonsendinga, sjølv om han ikkje var ferdig med den etter dei 60 timane! Det strømma på med meldingar til han, tusenvis, på ulike media. Etter årevis med salmeprogram på NRK, vart han med denne sendinga utan konkurranse Norges Salmegeneral! Han får framleis tilbakemeldingar frå folk om salmemaratonsendinga. Seinast førre dagen under ein stor konferanse i Oslo vart han takka for salmeprogrammet da ha vart introdusert.

Like etterpå reiste han ein tur til Bergen for å få fred frå det hardaste trøkket etter sendinga. Da opplevde han at folk kryssa gata for å gje han ein klem når dei såg han!

Det var ein magisk slutt på salmemaratonsendinga i midnattstimen for to år sidan når Helge Gudmundsen tok av seg NRK-skiltet og slutta seg til koret som menig korsongar i dei tre siste salmane med heilt fullsett Vår Frue kirke!

 

Ei magisk stund vart det også i Rindal kirke da forsamlinga reiste seg og song sluttsalmen i Salmeboka, nr. 899 «Jeg tror på jordens forvandling» der dei siste linene lyder:

Ja, jorden skal forvandles,
dens natt går alt mot gry!
Jeg tror at Jesus Kristus
skal gjøre verden ny!

Du kan framleis oppleve fjernsynsendinga "Salmeboka minutt for minutt" ved å klikke her!

Helge Gudmundsen fekk også fyldig applaus frå forsamlinga for at han nyleg hadde fått Kongens Fortenestemedalje for arbeidet sitt med funksjonshemma unge og for arbeidet med livssynsprogram i NRK.

Tekst/foto: OleT

Forsamlinga_690x339.jpg

Mathilde Eidnes Bakken og Marit Grytbakk song duett_690x457.jpg
Mathilde Eidnes Bakken og Marit Grytbakk song duett (sjå også toppbildet!)

Salt & Pepper med band_690x460.jpg
Salt & Pepper var forsongarar på fleire songar.

Salt & Pepper_690x468.jpg

Johan Helgetun_690x459.jpg
Styreledar for Rindal Menighetshus Johan Helgetun opna salmestunda, og han takka til slutt og anbefalte gave til menighetshuset ved utgangen.