Bøsser KN

Rekord i fasteaksjonen

Med 142.420 innsamla kroner til Kirkens Nødhjelp gav tysdagens fasteaksjon ny rekord i Surnadal og Rindal. Hovudaktørar var konfirmantane, som på denne måten muleggjorde kjempeløft i nødhjelpsarbeidet.

Hovudfokus for årets KN-aksjon er vassforsyning til tørkeramma verda rundt. Men midlane blir sette inn der behovet ber størst – uansett kva nødssituasjon ein står i.

Ut frå Kirkens Nødhjelp sine eigne statitistikkar arbeidde f.eks. Åsskard-konfirmantane før årets aksjon med «budsjettering» av kva fjorårets resultat (ca 125.000 kr) kunne gi som resultat.

Med døme som at 400 kr kan flaumsikre eit hus, 12.000 kan bli vassanlegg for ein skule og at 1000 kr kan skaffe ei kvinne yrkesutdanning og levebrød til familien, vart det sett opp imponerande lister over kva ein kveldsaksjon kan bety.

Eitt av budsjettforslaga var slik: 125.000 kroner kan finansiere 8 (9) familiehustelt, hygieneutstyr til 50 familiar, varig vassforsyning til 75 (100) personar pluss vassanlegg til 3 skular, flaumsikring av 50 (60) hus og gi yrkesutdanning til 24 (30) kvinner. Tala i parentes er tilpassa resultatet no i 2015.

 


Resultat Fasteaksjonen 2015

(tala frå 2014 i parentes)

 Stangvik              12.145                  (12.006)

Todalen                 9.973                     (7.678)

Åsskard              15.037                   (13.569)

Øye/Ranes         56.695                   (45.894)

Mo                        10.661                   (9.386)

Surnadal i alt      104.511                 (88.553)

Rindal                 37.909                  ( 34.567)

 

All grunn til å rose både gjevarar, innsamlarar og alle dei som har tilrettelagt ein gedigen aksjon i praktisk nestekjærlighet!

Sjå også kva todalen.no skriv om fasteaksjonen!

 

 

Bernt G. Bøe

for kyrkjelydane i Surnadal

 

Foto: Kjellaug Foseide