Gudmund_NilsOve foto todalen no

Randoneecup i Todalen i helga

På Kårvatn er førebuingane i gang til helgas randoneecup som foregår i Dalalia. Her blir det renn både laurdag og søndag, og alt ligg no til rette for eit vellukka arrangement. Det skriv Todalen.no.

Det er bra forhold i Dalalia, men kanskje i minste laget med snø nedste del av lia – og det blir ei tøff og krevjande løype, seier Nils Ove Bruset og Gudmund Kårvatn, som har lang erfaring med å arrangere konkurransar i randonee i Todalen. 

Bruset seier at dei har mange fine premiar, og at eliten er på VM aukar premiesjansane for dei andre deltakarane. – Han oppfordrar også lokale løparar til å melde seg på, da det begge dagane er trim/turklasse. Og det går faktisk an å ta deltakinga som ein vanleg fjelltur, seier han.

Les heile saka på Todalen.no

Kilian Jornet Burgada kjem til helgas randoneecup på Kårvatn. Om Kilian Jornet Burgada kan det seiast at han kjem frå Spania, og er kåra til den fremste uthaldande idrettsutøvar i sin generasjon – ei kåring som New Yourk Times star attafor. Han bur no i Måndalen, i lag med Emelie Forsberg, som er ein av dei beste utøverene på kvinnesida.

Les om meir Kilian Jornet Burgada og Emelie Forsberg på Todalen.no


Foto: Jon Olav Ørsal/Todalen.no