Synnøve Bye Skjermdump NRK

Piratkanal avslørt i Rindal!

I 32 år har Rindal kyrkje på Nordmøre TV-overført gudstenestene til kommunen sitt bu- og servicesenter. No er det slutt for landets eldste lokal-TV, skriv NRK på nettsidene sine. Det viser seg nemleg at Post- og teletilsynet har selt frekvensen deira – til stor fortviling for dei eldre på kommunen sitt bu- og servicesenter (skjermdump frå NRK).

Tv-sendingane har overført direkte frå gudstenester og gravferder. Det har vore gjort i det små, men gleda det har gitt har vore stor, skriv NRK.

– Eg syns det har vore heilt fantastisk å sitte her og sjå gudstenestene på tv, seier Synnøve Bye, ein av bebuarane ved Rindal bu- og servicesenter.

I 32 år har bebuarane ved Rindal bu- og servicesenter sett tv-overførte gudstenester.

Via skjermen på veggen har bebuarane på institusjonen deltatt i gleder og sorger heilt sidan 1982.

– Ei av damene som låg her var ikkje i stand til å fare til kyrkja då mannen hennar blei gravlagd. Ho fekk likevel sjå gravferda på TV-en. Det er klart at slike ting betyr mykje, seier Bye.

Det er tydeleg at den direktesende tv-overføringa har betydd mykje for bebuarane på senteret, og eksempla er mange. Men dette kan det no bli slutt på.

For då sendaren i kyrkja blei plaga med forstyrringar i sommar, kontakta Rindal kyrkje Post og teletilsynet for å få hjelp. I staden fekk dei seg ei stor overrasking.

– Det skulle vise seg at vi ikkje hadde konsesjon til å sende gudstenestene, seier Jan Brødreskift, kyrkjetenar i Rindal kyrkje.

For i løyvet frå Post- og teletilsynet, som kyrkja fekk i 1982, stod det at frekvensen berre kunne nyttast fram til nokon andre fekk behov for den. Og i 2006 blei frekvensen selt til fleire nasjonale kringkastarar.


Les heile historia og sjå video frå Rindal Helsetun her, på NRK sine nettsider: Visste ikkje at dei dreiv piratkanal for eldre